Gå til sidens hovedinnhold

Derfor er ei stemme til KrF avgjerande

Artikkelen er over 4 år gammel

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

I realiteten er det berre eitt politisk parti på Stortinget i dag som har valt kristne verdiar som si hovudrettesnor for sin politikk og sitt arbeid, og det er KrF. Det er gjerne fleire parti som snakkar om verdiar, og som hevdar at dei har dette med som grunnlaget for sin politikk, men i praksis viser det seg gong etter gong at det berre er KrF som brukar desse verdiane som kompass når ein skal ta avgjerder.

Det er berre KrF som vil verna det ufødte livet. Det er KrF som passar på at etikk blir styrande når det gjeld gen- og bioteknologi, medisinsk forsking og anna medisinsk utvikling. Det er KrF, som ut frå sitt kristne verdigrunnlag, kjempar for at dei som har det vanskeleg skal få hjelp (både når det gjeld sosialpolitkk, skulepolitikk, bistandspolitikk, flyktningepolitikk, m.m.). Det er KrF som meiner at familien er den viktigaste byggesteinen i samfunnet vårt og som vil leggja til rette med valfridom (kontantstøtte, fleksibilitet, osv.). Det er KrF som vil ta vare på samvitsfridomen for legar og helsepersonell.

Les også

Sande ser opp til Angela Merkel

 

KrF er opptatt av å leggja til rette for næringslivet i tradisjonen etter Hans Nielsen Hauge (gode kår for gründarar, famillieverksemder og andre små verksemder, næring i distrikt, kyst og landbruk). KrF vil ta vare på søndagen som kviledag. KrF vil halda på kristendomsundervisninga som ein viktig del av skulen og ta vare på skulegudstenester. KrF vil ikkje tillata aktiv dødshjelp i Noreg. KrF vil ikkje tillata surrogati eller eggdonasjon. KrF vil at folk skal kunna bu i distrikta våre og trivast, og å ha vilkår for vekst (også økonomisk). KrF vil styrka Forsvaret og ta vare på Heimevernet.

Les også

Framo Flatøy har sagt opp 90 stykk og mista hundrevis av millionar i omsetting – No kan eit fornybarfond hjelpa dei opp att

 

Eg kunne halda fram med oppsummeringa. Men poenget er at det er berre KrF på Stortinget som i sum står for desse politiske standpunkta. Og etter alt å døma vil det også vera slik etter valet. Derfor er ei stemme til KrF avgjerande.

Berre med eit sterkt KrF vil dei kristne verdiane få innverknad på den praktiske politikken i Noreg. Og det gjeld anten KrF er i regjering eller i opposisjon. Ynskjer du meir politikk som har kristne verdiar som fundament, er det KrF som må få di stemme ved valet 11.september. Godt val!

Les også

Ta vare på framtida!

 

Kommentarer til denne saken