Alver kommune med tenester nær deg

Astrid Aarhus Byrknes

Astrid Aarhus Byrknes Foto:

Av
DEL

LesarbrevKjære innbyggjar og veljar i Alver kommune.


No byggjer vi Alver kommune, og det er ei viktig kommunestyreperiode vi går inn i.
Alver KrF og eg som ordførarkandidat ønskjer å utvikle Alver kommune som ein heilskapleg samfunnsutviklar, og vi skal byggje gode fellesskap i våre lokalsamfunn. Felles identitet, nærleik til tenestene og eit inkluderande lokaldemokrati er viktig for Alver KrF.


Eg vil vere løysingsorientert og møte framtida med opne prosessar, medverknad og god dialog. For Alver KrF vil samarbeid vere eit nøkkelord. Eg ønskjer å vere ordførar for alle og stiller meg til teneste for Alver kommune. Ønskjer du at eg skal vere din ordførar i Alver kommune, stemmer du KrF.

 
KrF vil :
– Utvikle heile kommune
– At Alver kommune er tilgjengeleg, profesjonell og serviceorientert i møte dei som er i kontakt med den
– Byggja Alver kommune som ein attraktiv kommune å bu og drive næringsverksemd i
– Byggje dei tilsette sin kompetanse og ta vare på dei slik at vi har trygge tilsette som gir eit godt tenestetilbod
– Gje tilbod om heile, fulle stillingar
– Vere ein lærlingekommune som gjev lærlingegaranti
– Innføre prosjektet KLART SPRÅK og STOLT av eige språk
– Sikra ein sunn kommuneøkonomi
 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags