KrF vil ikkje gje frå seg finansmakt til EU

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

LesarbrevRegjeringa har foreslått at Noreg skal slutte seg til EU sitt finanstilsyn, utan at Noreg skal ha røysterett sjølv i saker som angår Noreg. Forslaget legg på nokre område det norske finanstilsynet inn under EU sine tilsynsorgan. Forslaget krev tre firedels fleirtal i Stortinget, fordi det vert foreslått å overføre grunnlovsfesta mynde til eit internasjonalt organ. Paragrafen blei sist brukt då Noreg slutta seg til EØS-avtalen for 24 år sidan.

Regjeringa sitt forslag har tre hovudutfordringar.

For det fyrste vil EU sitt finanstilsyn ikkje ha behov for å ta omsyn til norske forhold eller norske mynde sine tolkingar av regelverket når det fattar vedtak som angår Noreg. Det er svært alvorleg. Det norske finanstilsynet står for ein solid tilsynstradisjon av stor betydning for å ruste oss mot nye finanskriser. Røynslene frå EU er langt meir blanda.

For det andre kan den underordninga regjeringa foreslår lett bli resultatet også for andre tilsyn som er på trappene i EU, som t.d. energi-, tele- og datatilsyn. Tilsyna får stadig større makt til å fatte avgjerder som er bindande for medlemslanda. Regjeringa skriv rett ut at «full deltaking utan stemmerett må gjennomgåande vere målet».

LES OGSÅ: TISA/TTIP OG VÅRT LOKALDEMOKRATI

For det tredje kan ein suverenitetsavståing vere i strid med grunnlova. Dersom Stortinget sluttar seg til regjeringa sitt forslag, kneset man ein svært formalistisk tilnærming til medlemskapskriteriet i Grunnloven § 115. Denne grunnlovsvurderinga er det Stortinget sitt ansvar å ta.

KrF vil difor AVVISE forslaget med denne grunn.



Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags