Nei til sal av Norge!

FRØYA  20100908.
Laks i mære på SalMar på Frøya i Trøndelag.
Oppdrettsanlegg, oppdrett av laks.
Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

FRØYA 20100908. Laks i mære på SalMar på Frøya i Trøndelag. Oppdrettsanlegg, oppdrett av laks. Foto: Gorm Kallestad / Scanpix Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevNei til sal av Norge!

Landet vårt har rike naturressursar, og både som inntektskjelde og som kjelde til rekreasjon har desse høg verdi. Og vi er alle avhengige av å ha ein god infrastruktur i heile landet. Derfor vil Arbeiderpartiet ha eit sterkt statleg eigarskap som sikrar kontroll over naturressursane og kritisk infrastruktur. Naturressursar som vasskraft, fisk, olje, gass, jord og skog tilhøyrer oss alle og det er viktig at vi som fellesskap eig og forvaltar desse ressursane.

I tillegg sikrar eit statleg eigarskap at viktige kompetansemiljø blir verande i Norge og ikkje forsvinn til utlandet. Derfor vil Arbeiderpartiet at vi ikkje sel oss ned i strategisk viktige selskap som Statkraft, Statsskog, NSB, Flytoget og Statoil, og at hovudkontora skal vere plassert her i landet.

At staten eig Statkraft gjer at inntektene frå vasskrafta tilfell det norske folket og ved å seie nei til private utanlandskablar sikrar vi at dei norske straumkundane ikkje betaler rekninga for at private skal tene på straumhandel om kablar.

Ved å stanse nedsalet i Stasskog sikrar vi at fellesskapet får like moglegheiter til fiske, jakt og friluftsliv, samstundes som vi kan vidareutvikle norsk skognæring.

Å halde på eigarskapen til naturressursane og viktige selskap gjer at vi kan byggje velferd også i framtida. Seier du og Nei til sal av Norge? Stem Arbeiderpartiet på valdagen 11. september.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags