Verdivalet 11.september – me må ikkje vere historielause!

I denne valkampen har det vore snakka mykje om verdival, dei ulike partia peikar på kva verdiar dei vil byggje samfunnet vårt på, og kva verdiar dei vil gje vidare til barn og barnebarn. Dette er viktig. Det er barna som er framtida!

Dei aller fleste er einige i at me har det godt i landet vårt. Me har gode barnehagar, gode skular, ei god eldreomsorg og lav arbeidsløyse. Dette betyr ikkje at me ikkje har forbetringspotensiale, men på det jamne har me det godt. Den høge levestandaren og dei gode tilboda gjer at det kan vere vanskeleg for folk å bestemme kva parti dei skal stemme på ved dette valet. Mange seier at det er det same kven som styrer landet vårt.

Les også

Ei betre framtid må veljast no!

 

Det er her historiekunnskapen vert viktig. I dag er det sjølvsagt at alle har rett til vidaregåande utdanning, at me har Statens lånekasse, at me har skulefritidsordning, 8- timar arbeidsdag, arbeidsløysestrygd og uføretrygd. Vidare kan nemnast at me har tak på eigenandel i helsevesenet og gratis sjukehusopphald.

Det som me alle tenkjer er sjølvsagt i dag, har ein gong vore kampsaker. Arbeiderpartiet kjempa for desse velferdsordningane, Høgre stemte ofte imot. Fleire velferdsordningar har vorte utfordra dei siste 4 år, og nokre goder er tatt bort. Kva kan me vente dei neste 4 åra med ei blå regjering?

Det er dette som er eit verdival!

Les også

Partiet De kristne vil legge om norsk bistandspolitikk

 

Dersom du tenkjer at gode skular og kunnskap for alle, eldre og helse framfor skattekutt, og nei til sal av landet vårt er viktig for deg og dine etterkomarar, då må du stemme på Arbeidarpartiet 11.september!

Jens Stoltenberg har gjeve eit godt bilete på kva små endringar i dag, kan føre til på litt lengre sikt.

Tenk at du navigerer eit stort skip, og dreier kursen bitte litt. I starten merkar du ikkje stor endring, men litt fram i tid vil du oppdage at du har kome ein heilt anna plass enn der du hadde tenkt.

Det er dette valet 11.september handlar om.

Leif Sande frå Lindås står på 5.plass på Hordaland Arbeidarparti si liste. Målet er å sikre han plass på Stortinget. Leif veit kva som er bestillinga – Alle skal med!

Godt val!

Astrid Namtvedt Sylta

Leiar i Lindås AP

Les også

Nei til sal av Norge!