Bompartiet - best for dei rike

Av
DEL

MeiningarMDG vil redusere bilbruken og er for bompengar som eit egna middel for det. Det nye politiske partiet, Bompengepartiet FNB, vil ikkje redusere bilbruken og er mot bompenger. MDG har vakse sakte. FNB har hatt eksplosiv vekst. Kva kan me lære av det?

Først: Bompengemisnøya og bommotstanden er fanga opp av vårt demokratiske system og vår mangfaldeige partiflora har fått eit splitter nytt politisk parti. Demokratiet fungerer.

For det andre: Det nye partiet har vakse så raskt og mykje at det har fått dei store partia til å endre sin bompengepolitikk. Demokratiet fungerer.

For det tredje: FNB viser kva som lett kan mobilisere veljarar: avgifter, personleg økonomi og urettferdig fordeling av byrder. «Nok er nok» er slagordet, og svake grupper som fattige og einslege forsørgarar er dei FNB trekk fram som offer.

Men dei som betalar mest bompenger, er dei rike, fordi dei rike køyrer mykje meir bil, ifølge ein artikkel i Morgenbladet nr. 23/14. – 20. juni, som viser til rapporten «Fordelingsvirkninger av køprising» (2009): «Mens bilene til den fattigste gruppen kjørte 15 000 km i året, kjørte bilene til de rikeste husstandene 27 000 km per år».

Same rapport viser også at dei fattige brukar kollektivtransport mykje oftare enn rike. Altså: Bompakkane som gir betre og billegare kollektivtilbod, har fleirdobbelt positiv effekt! Færre køyrer bil, kollektivtilbodet blir betre, fleire køyrer kollektivt, bylufta blir betre, bymiljøet blir betre. Og - systemet omfordelar frå rike til fattige.

Bompengar er eit avgrensa verkemiddel i eit ikkje berekraftig transportsystem, i ei ikkje berekraftig samfunnsordning, basert på ufornuftig mykje flytting av folk og varer, igjen basert på ein grovt underprisa bruk av ein verdifull, avgrensa ressurs, olje. Oljebaserte produkt vil vere avgjerande i ei berekraftig teknologisk framtid. Då er det framtidsran å brenne olja og gjere framtida for skulestreikarane endå verre.

FNB sin vekst viser: Det er lettare å mobilisere mot avgifter enn for klimadugnad. Fungerer demokratiet? Reduksjonsvisjon for bilbruk.

Me treng ein reduksjonsvisjon for transport. I ei berekraftig framtid må mykje meir skje lokalt. Desentralisert tilbod blir viktige i nye Alver, både arbeidsplassar og tenester, idrett og kulturtilbod. Her er ei nødvendig klimapolitisk oppgåve, ein klimadugnad, for både private og kommunen.
God tradisjon for dugnad.

Mange vegstubbar i Nordhordland er bygde med pliktarbeid, der alle gardane bidrog. Å skape eit berekraftig framtidssamfunn blir ein kostbar og vanskeleg dugnad, og kan sjåast på som vår tids form for pliktarbeid. Alle må bidra. Og prinsippet «forureinar betalar» må gjelde. Dei som forureinar mest, må bidra mest. Utan vil det ikkje gå.

Leif Johnsen,

MDG Alver

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags