«Du kan betre enn dette, Nils Marton. Jobb saman med oss andre, ikkje prøv å ta billege poeng, det er for lettvint»

Jon Askeland, Astrid Aarhus Byrknes, Øyvind Oddekalv

Jon Askeland, Astrid Aarhus Byrknes, Øyvind Oddekalv Foto:

Av
DEL

LesarbrevRune Chr Tollefsen har følgd godt med Nils Marton Aadland sine trekk i samferdslepolitikken fram gjennom, noko han peikar på i brev 17. juni, og som Alver Høgre svarar på dagen etter.


Vi tillèt oss å måtta peika på at Nils Marton Aadland i svaret strekkjer sanninga litt lengre enn godt er. Han tek æra for vedtaka i dei fylkeskommunale organa, særleg MISA (miljø- og samferdsleutvalet), der han ikkje deltok, men der Astrid og Jon var sentrale i å få til det vi kallar prosessvedtak, og elles viser ymse medieoppslag korleis fylkespolitikarane handterte saka. Og vedtaket som vart gjort i fellesnemnda, samrøystes, tar utgangspunkt i uttalen frå formannskapet i Meland, eit vedtak som Aadland stemte i mot der.


Det vi meiner er feil, er at Alver Høgre i svaret til Tollefsen skriv følgande: «Kor vidt det er andre parti som har «tenkt disse tankane men som ikkje har sagt de høgt enda, og idéen kan derfor ikkje tilegnes Høgre eller Aadland» blir jo reine spekulasjonen, ettersom ingen har løftet idéen for oss enda.».


Her kan vi visa til at vi tre ordførarane inviterte Nils Marton med på drøfting om å sjå på ei løysing med berre eitt felles bomsnitt på brua for både Bergen og NH-pakken. Vi har fått grove utrekningar som viser at det vert kostbart, med kr 50,- før rabatt for det som skal til for å halda same inntektsnivå i NH-pakken. I tillegg drøfta vi andre utfordringar ved samordning av pakkane. Difor er det ikkje korrekt at om andre parti har tenkt tankane, så er idéen ukjent for Nils Marton Aadland.


Avslutningsvis vil vi støtta Tollefsen i synet om at vi må i størst mogleg grad stå saman i Nordhordland/Alver i å finna løysingar på desse krevjande problemstillingane. Vi arbeider alle med problematikken, så det vert for lettvint å ta æra for at både uttalen frå kommunane, fellesnemnda og Fylkestinget har sitt utspring i tankane til Alver Høgre. Det er faktisk feil, du kan betre enn dette, Nils Marton. Jobb saman med oss andre, ikkje prøv å ta billege poeng, det er for lettvint.


Vi er villige til å leggja bak oss ev. usemje, for det innbyggjarane no treng er at vi alle jobbar i fellesskap for å finna dei gode løysingane. Skal vi klara dette må vi ha tillit til kvarandre og opptre samlande.

Med beste helsing
Øyvind H Oddekalv, Astrid Aarhus Byrknes og Jon Askeland

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags