Folkevald eller politikar?

Trude Brosvik, Gulen,  fylkesordførarkandidat for KrF

Trude Brosvik, Gulen, fylkesordførarkandidat for KrF Foto:

Av
DEL

LesarbrevFor meg er det to sider av samme sak. Vi har eit representativt demokrati, sett saman av politikarar valde av folket. Men eg ser at Folkeaksjonen Nei til meir bompengar (FNB) meiner dei er folkvalde, medan vi frå andre parti er politikarar. (Nh, 01.07.19)
FrP har tidlegare prøvt seg på samme formuleringa. Kanskje med hell (?) heilt til dei kom i regjering og måtte ta ansvar for meir enn kjernesakene sine. No sitt dei td og administrerer fleire bompengeprosjekt enn nokon gong.

Viss valet blir som meiningsmålingane viser, vil også FMB få så mange inn i fylkestinget at dei vert ein maktfaktor. Og dei vil måtte delta i avstemmingar for eller mot vidaregåande skule, kultur, trygge skulevegar og kollektivsatsing. Kva vil dei då gjere?


Viss bompengane skal vekk, skal då vegprosjekta også vekk? Kva vil det bety for skuleskyss, pendlarar og næringsliv? Viss vegbygginga skal haldast oppe, så meiner eg veljarane har rett til å vite kva som skal prioriterast ned og vekk. Er det for vårt område i Nordhordland td Austrheim vidaregåande skule? Eller er det staten som skal ta rekninga, frå framtidige pensjonar eller gjennom auka skatt?
Viss ein skal vere folkevald, noko vi alle er som stiller til val og blir valde, så må også folk få vite kva dei vel og vel bort.

KrF helsar velkomen ei tydeleggjering av prioriteringar. Vi prioriterer familien, for fylket betyr det ma. dei vidaregåande skulane, -næringslivet som sikrar folk jobb og inntekt, og omlegging til nullutslepp, særleg på det fylkeskommunen kjøper td innanfor kollektiv.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags