- Arbeiderpartiet satsar på fiber i distrikta

Av
DEL

DEBATT:Nkom, Nasjonal kommunikasjonsmyndiget (tidlegare Post- og teletilsynet) har sidan 2014 vore med å sørge for utbygging av digital infrastruktur i distriks-Norge, gjennom såkalla Nkom-midlar. Dette er midlar som skal sørgje for utbygging i område der kommersiell utbygging ikkje er lønsam.

I regjeringa sitt forslag til statsbudsjett blir Nkom-midla til utbygging av fiber/breiband i distriktet redusert frå kr 138,7 mill i 2017 til kr 69,7 mill i 2018. Talet på søknader som kom inn i 2017 var 142, og til saman vart det søkt om kr 588 mill. Så ein halvering av tilskotssummen er dårleg nytt for kommunar som ønskjer å gi innbyggarane sine betre dekning!

Nordhordlandskommunane har fått god utteljing frå denne potten, både Meland (2014), Lindås (2016), Radøy (2015), Austrheim (2015) og Masfjorden (2015 og 2017) har fått gode bidrag til utbygging av digital infrastruktur i kommunane. Nasjonalt breibandsråd meiner at behovet for bidrag til utbygging i 2018 er stort, og foreslår at det blir bevilga kr 400 mill i 2018.

Fiber og breiband er i dag like viktig som straum og telefon og både næringsdrivande og enkeltpersonar er avhengige av denne infrastrukturen. Og det er heilt avgjerande at staten og storsamfunnet er med og tar ansvar for denne utbygginga.

Når behova er så store er det heilt uforståeleg at ein halverer potten slik regjeringa foreslår. I Arbeiderpartiet sitt alternative statsbudsjett blir denne potten auka til kr 500 mill, ei sjudobling i forhold til det som ligg i regjeringa sitt forslag! Dette er veldig positivt og svarar opp dei behova som er i kommunane, og Arbeiderpartiet tar kommunane på alvor.

Så får vi tru at det er fleire parti på Stortinget som tar like stort ansvar for denne saka, det er ein avhengig av for å få gjennomslag for ei slik storsatsing på digital infrastruktur. Staten MÅ vere med å ta ansvar for digital infrastruktur i HEILE landet!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags