Kryss for ei kvinne! Fordi kvinner kan!

Av
DEL

MeiningarDet er 8. mars, den internasjonale kvinnedagen. I ettermiddag kan du treffe Anne Grete Eide (AP) og Kirsti Gjetle Floen (AP) i Knarvik Senter; Kvinnekampen er fortsatt like aktuell som alltid. Sidan kvinnene kjempa fram noko så grunnleggjande som stemmeretten i 1913 har mykje skjedd, men ingenting skjedde av seg sjølv.

I byrjinga av 1900-talet var samskulen og lik undervisning viktige saker for kvinnekampen. Mange jobba hardt for rettane sine i forbindelse med ekteskap og arbeidsliv. Før det hadde ektemenn rett til å bestemme over konene sine. Borna tilhøyrde mannen, han fekk råde over kvinna si inntekt, og dei fleste avgjerdsla var det mannen som skulle ta. «I dag har me komen veldig langt, og kan smykke oss med tittelen som ein av verdas mest likestilte nasjonar».

Diverre ser me at kvinner sine rettar stadig blir utfordra. Ein kan oppleve å gå to skritt fram og eitt attende.

Etter at den blåblå regjeringa i 2015 byrja å leike med arbeidsmiljølova, har ein sett at enkelte unge kvinner har blitt særleg utsett i møte med arbeidslivet. Endringane opna opp for meir midlertidig tilsettingar, meir overtid, lengre arbeidsdagar, og lengre arbeidsperiodar. Dei kvinnedominerte yrkene i helsesektoren og opplæringssektoren har blitt eit særleg offer.

Det som skulle vere ein lettare inngang til arbeidslivet, har vist seg å gjere det vanskelegare for unge, nyutdanna sjukepleiarar eller lærarar å få seg fulltidstillingar og faste stillingar på lang sikt. Absurde stillingstorleikar som 9,5 % og 12,9 % gir sosiale konsekvensar, slik som aukande utryggleik, manglande moglegheiter for bustadlån og svekka tenestepensjon. «Dette er berre ein av mange utfordringar me kvinner må fortsette å kjempe mot.

Våre kvinnelege representantar brenn for å løfte Alver kommune til vidare utvikling, og vil ta med seg mangfaldig bakgrunn og kompetanse». Studiar visar at sjølv om ein har fleire kvinnelege representantar på ei liste, er det dei mannlege kandidatane som spring opp på lista og skyver damene ned. Det er fleire teoriar om kvifor, både kvinner og menn, tenderer til å krysse på menn.

Vår oppmoding til valet 9. september er at du er bevisst på kjønnsbalansen i kryssa og slengarane dine. Og me oppmodar alle som er opptatt av likestilling til å ta del i 8. mars arrangement i dag, God 8. mars!

Kvinnelege listekandidatar for Alver Arbeidarparti:

2 Nina Bognøy

4 Anne Grete Eide

6 Kirsti Gjetle Floen

8 Astrid Namtveit Sylta

10 Margrethe Storheim

12 Kjersti Vikebø Nesse

14 Regina Sandven

16 Mette Marei Træland

18 Liv Berit Rath

20 Vivian Grete Sande

22 Åse Sudmann

24 Astrid Rongvær

26 Silje Strand Skauge

28 Torill Helland

30 Grethe Wence Søiland Sæthre

32 Kristin Flell Arvidson

34 Christina Løtveit Fosse

36 Hege Kristine Mjelde

38 Bjørg Tveiten Skiftesvik

40 Oddveig Husebø

42 Mette Bøe

44 Jannicke Helland

46 Berit Oliva Kvalvik

Anne Grete Eide, Kvinnekontakt Alver Arbeiderparti

Kirsti Gjetle Floen, Studieleder Alver Arbeiderparti

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags