E de steikjande galne dar ute i vest?

Og har de kje’ lensmann edl myndig prest?

Ska de sprengja dar ute på Vardetongjen

So vidl eg få syngja dykk sørgjesongjen

Tenk for ein skandale!

Og tenk på kor gale!

No må eg få hadla ein dommedagstale!

Spøt-Olinå alias Jan Spurkeland i Bergens Tidende april 1997

Då gruppeleiar for Ap, Siri Kaland, gjekk på talarstolen sist veke og så godt ho kunne prøvde å forsvara partiet sitt ja til industri i Øksnesmarka, var det som eit déjà vu. Hadde eg ikkje opplevd dette før? Snakket om maritime og marine næringar, djupvasskai og behovet for arbeidsplassar? Så demra det. Dette var jo som eit ekko av kommunestyremøtet våren 1997 då Ap med Ole Lysø som ordførar banka gjennom vedtaket om storindustri i naturområdet på Vardetangen, med også den gangen, Siri Kaland si velsigning.

LES OGSÅ: Partileiaren støttar Stellberg, men melder seg ikkje ut

«Dette vil klart bli stort», proklamerer Lysø i Nh 09.04.97. Servicehamn for oljeriggar. 75 mål stort. 150-200 arbeidsplassar, «og langt fleire i toppane» står det å lesa i avisa. «Naivt», svarar aksjonsgruppa Nei til industri på Vardetangen, leia av kommunelege Jarle Gallefoss. «Me vil ikkje ha oljeriggar midt i det finaste friområdet vårt» held aksjonistane fram i Strilen same dato. Saman med aksjonistane, Sp, Venstre, Bygdelista og mesteparten av Krf sto Austrheim Naturvernlag, med underteikna som leiar, på barrikadane. Vi tapte så vidt, men vann.

For dei fleste veit kva som skjedde etterpå, eller ikkje skjedde. Luftslottet til Lysø og Ap datt saman med ein flaut piff. Det gjekk som vi spådde, hull på ballongen. Ikkje ein einaste arbeidsplass blei etablert på Vardetangen. Derimot er Noregs vestlegaste fastlandspunkt blitt ein merkevare som kommunen kan skryta av, flott tilrettelagt med turstiar og storslått utsikt mot havet i vest. Litt lenger nord ligg dei prisløna Årvikane; friområde og badevik for bygdefolk på Fonnes. Ikkje nok med det. På Vardetangen har sognebåtane fått høveleg kai. Bustadområdet berre 200 m lenger inne slepp å pusta inn støv og bli plaga av støy frå sandblåsing av rustne boreriggar i solnedgangen like vest. Framsynt og god planlegging. Vinn-vinn. Utan øydeleggjande industri.

Vi som kjempar for bevaring av Øksnesmarka og Åråsvågen kjem ikkje til å gje oss før vi har vunne fram med framtidsretta planlegging slik vi gjorde på Vardetangen. Med meir tilrettelegging er potensialet for friluftsliv og folkehelse stort. I marka skal vi ha villsau på lyngbeite. Bustad- og hytteområda i Åråsvågen skal sleppa å bli plaga av konstant støy og støv frå eit steinuttak som vil bandleggja 1,5 km av strandlina like utanfor. Til måke- og terneskrik skal ungane i Kystbarnhagen framleis få trekkja garn og teiner i fred. Det same skal gjester på det planlagde friluftshotellet i Kystlandsbyen. Folk som vil i båt utover vågen, skal ikkje knaska steinstøv og ha bomull i øyra før dei kjem til øyriket i vest. Laksen i oppdrettsanlegget på Øksnes skal sleppa å døy av støv i gjellene.

 

Etter å ha høyrd ordførar Per Lerøy og Siri Kaland i kommunestyret 22.02. er det blitt endå vanskelegare å forstå Ap-gruppa sin argumentasjon når dei går i mot rådmannen si glassklåre tilråding om å fjerna industriområdet i Øksnesmarka. Er det sjuande far i huset som spøkjer i kulissane? Har ikkje gamlefar lært? I alle fall; brent Ap-barn skyr visst ikkje elden. Om partiet held fram den ville ferda si på brennande kol, vil eg minna om Spøt-Olinå sine siste ord til Ap og co i BT april 1997:

Me veit ‘kje vårt beste

og søv for det meste.

Men vak no ei natt for å tenkja og teste:

E me steikjande galne

og hjernedød valne?