Ei stemme til Alver AP er ei stemme for å fjerne eigedomsskatten på hus og hytter i Alver kommune

– Ei stemme til Alver Arbeidarparti er ei stemme for å fjerne eigedomsskatten på hus og hytter i Alver kommune, skriv Meland-ordførar Øyvind Oddekalv i dette lesarinnlegget.

– Ei stemme til Alver Arbeidarparti er ei stemme for å fjerne eigedomsskatten på hus og hytter i Alver kommune, skriv Meland-ordførar Øyvind Oddekalv i dette lesarinnlegget. Foto:

Av
DEL

LesarbrevRune Chr. Tollefsen spør i eit lesarbrev i avisa Nordhordland dei ulike politiske partia om kva som vil skje med eigedomsskatten i nye Alver kommune, eller «den store elefanten i rommet» som Tollefsen kallar det. Dette er ei sak som mange er opptekne av, sidan det er ulik praksis på dette feltet i dei tre kommunane som byggjer den nye kommunen.

Alver Arbeidarparti har jobba mykje med valprogrammet vårt, og intensjonsavtalen som ligg til grunn for kommunesamanslåinga er det viktig for oss å stille oss bak og halde fast på i neste kommunestyreperiode. I intensjonsavtalen står m.a. dette under punktet «Økonomi – harmonisering av skattar og avgifter»:

... Det er semje om å harmonisere skattar og avgifter. Prisnivået på kommunale tenester, gebyr og eigedomsskatt skal vera likt i heile den nye kommunen. Det inneber at den nye kommunen fjernar eigedomsskatten på hus og hytter. ...

Fellesnemnda vil utover våren og fram til oktober arbeide med grunnlaget for at det nye kommunestyret i Alver kommune skal vedta budsjettet for 2020 og den første økonomiplanen til Alver kommune. I dette arbeidet er intensjonsavtalen styringsdokumentet. Og det er ein klar føresetnad for dei seks AP-representantane i fellesnemnda at vi skal få dette til utan eigedomsskatt på hus og hytter!

Solberg-regjeringa har fjerna moglegheita for kommunane å skrive ut eigedomsskatt på verk og bruk, noko som på sikt vil gi Alver kommune eit anna inntektsgrunnlag enn forventa. Det er viktig at den lova kompensasjonen for bortfallet blir av ein storleik som reelt kompenserer bortfallet. Og det er dei fire regjeringspartia som har ansvaret for at dette blir realiteten.

Å fjerne eigedomsskatten på hus og hytter var eit punkt som det var viktig for oss å få på plass i intensjonsavtalen, og som vi skal følge opp! Ei stemme til Alver Arbeidarparti er ei stemme for å fjerne eigedomsskatten på hus og hytter i Alver kommune.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags