Ein svært viktig kamp, sjølv om det kan bidra til ein uheldig strid innad i fylket

Sjølv om ein har fått behalde politikontoret i Knarvik, står det nye politidistriktet i Nordhordlandi fare for å miste budsjettansvaret og ein lokal leiar i form av lensmann eller politisjef.

Sjølv om ein har fått behalde politikontoret i Knarvik, står det nye politidistriktet i Nordhordlandi fare for å miste budsjettansvaret og ein lokal leiar i form av lensmann eller politisjef. (Foto: )

DEL
<div id='netboard-1'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('netboard-1'); }); </script> </div>

LeiarFørre veke fortalde vi at Regionrådet Nordhordland klagar på politireforma. Ni kommunar er inkludert i regionrådet, og samtlege ordførar har stilt seg bak klagen. Rådet har både sendt brev til Politidirektoratet (POD) og politimeister Kaare Songstad i Vest politidistrikt. Bakgrunnen er, som vi også har fortalt, at det nye politidistriktet i Nordhordland står i fare for å miste budsjettansvaret og ein lokal leiar i form av lensmann eller politisjef.

Regionrådet har fått det som kommunane og politiet i Nordhordland sjølve har ønska når det gjeld den nye strukturen, med kontor i Knarvik og Hosteland i Masfjorden. Men det å miste budsjettansvaret og styring over eigne ressursar er tungt å svelgja og noko ein ikkje har vore med på. No skal det vere sagt at det ikkje verkar å vere endeleg avklart kvar dette budsjettansvaret blir plassert. Men det som uansett verkar å vere avklart er at det kun blir lagt opp til tre såkalla geografiske driftseinignar (GDE) i heile Vest politidistrikt.

Då Regionrådet og ordførararne vart inkludert i reformarbeidet låg det to alternativ på bordet; ein modell med åtte geografiske driftseiningar i dei to fylka og ein på tre. Alle kommunane i Nordhordland stod samla bak den første modellen fordi dette ville innebere at politiet i Nordhordland fekk status som eiga geografisk driftseining. Slik vart det altså ikkje.

Men reforma legg opp til at det er mogleg for kommunane å anke, eller protestere, og det er det nordhordlendingane no gjer. Først må vi rose politikarane og regionrådet for at dei tar denne kampen. Dette er ein svært viktig kamp, sjølv om det kan bidra til ein uheldig strid innad i fylket, og kanskje mest med Voss som er den mest aktuelle alternative plasseringa.

Kommunane har også på eige initiativ gitt innspel til POD. Her har Masfjorden, ifølgje ordføraren, fått svar tilbake at dei kun skal uttale seg om nedlegging av kontor, ikkje driftsmodellar. Dette provoserer Masfjorden-ordførar Karstein Totland kraftig, forståeleg nok. «Vi bryr oss om det vi vil», uttalete han friskt til Avisa Nordhordland.

No gjer Nordhordland i alle fall alt etter boka. Ein har frivillig gått med på å legge ned kontor i Gulen, Solund og Austrheim mot å få ei geografisk driftseining. Når ein ikkje har fått det blir det klaga formelt. Den klagen bør behandlast grundig. På mange måtar er dette ein syretest på heile reforma. Dersom POD meiner alvor og det skal vere noko poeng i å klage, så kan dei ikkje berre avfeie alle klagene. I så fall blir tilliten endå mindre.

På mange måtar er dette ein syretest på heile reforma.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags