I februar – etter kyrkjemøtet – gav eg oss alle ei utfordring om å fylla kyrkjene. Ein kamp for eit nytt syn på kjærleik og samliv var vunnen, og det var mange som no kunne håpa på eit fornya engasjement for kyrkja og kyrkja sitt rikhaldige liv.

Eg lista opp ei rekkje punkt og innsatsområde, og til saman utgjorde dei det meste av alt som går føre seg i ei kyrkje og ein kyrkjelyd og som krev innsats frå tilsette og frivillige. Oppmodinga gjekk altså ut på – ikkje berre å ta del i gudstenestelivet, men like mykje som medlemer i den norske kyrkja å bruka tid og krefter på konkrete oppgåver.

 

Så har det gått eit halvår, og ropa frå kampkreftene har stilna. Kanskje er det fleire som har fått eit fornya tilhøve til den kyrkjelyden dei tilhøyrer og vorte aktive, men har det verkeleg vorte dei lange rekkjene av nye medarbeidarar? Har medlemstalet i Den norske kyrkja fått ein oppsving? Og fyllest benkeradene av menneske med lengt etter bibelkunnskap og forkynning?

Les også

Vigsle av likekjønna par - kva vedtok eigentleg Kyrkjemøtet i 2017?

 

Nei, det ser ikkje slik ut. Og då er spørsmålet: Stoppa det store engasjementet ditt ved ekteskapsdefinisjonen og synet på vigsling av likekjønna? Svarar du ja? Var likevel ikkje kyrkja sitt eigentlege liv og arbeid så viktig når det kom til stykket? Er svaret nei?

No i i valkampinnspurten er det helst ikkje slike spørsmål du er oppteken av, men dei svara du gir er det vél verd å ta inn over seg. Dersom du framleis er interessert i å ha ei kyrkje som opnar for dåp, konfirmasjon, vigsel og gravferd, må du også vera med på å halda ho i live. Gud greier seg, og Jesus er kyrkja sin Herre, - men det er einskildmenneska som skapar kyrkjelyden! Difor: Fyll kyrkjene!

(sendt inn før stortingsvalet)

Les også

– Eg trur ikkje det er så lett for enkelte kristne, homofile tenåringar å få slengt eit nei frå 13 prestar rett i fleisen