Etter at me fekk eit statleg mottak for einslege mindreårige i Lindås har ein del (men altfor få) av kommunen sine innbyggarar involvert seg i livet til desse borna som er hamna i kommunen vår.

Eg er ein av desse, som saman med kona mi er vennefamilie for to kjekke gutar. Me hentar dei på besøk heim til oss med ujamne mellomrom, deler mat og prat og aktivitetar.

Dette gjev oss mykje, og me opplever at dette verkeleg betyr noko for dei me har på besøk. Men me ser også uvissa og fortvilinga – korleis vert framtida mi? Får eg vera her? Når får eg svar på søknad om opphald?

Gjennom kontakten med gutane og gjennom besøk på mottaket ser me også kva Norge tilbyr barn som er hamna her etter flukt frå ufred, krig, terror og vald. Difor vel eg no å skriva dette lesarbrevet, slik at andre i lokalsamfunnet vårt, dei som driftar mottaket, kommunen som vert og UDI som statleg ansvarleg får eit innsyn i eit opplegg som eg finn uverdig. Slik eg ser det er mottaka meir rein oppbevaring enn omsorg.

LES OGSÅ: Aarhus Byrknes svarar: «Eg takkar for at de bryr dykk»

Og kvifor skal dei då bry seg om å stå opp, eta og gå på skule, når dei mest truleg vert uvist or landet så snart dei fyller 18 år!

Reidar Konglevoll

 

Borna på mottaket skal ifølge reglementet sjølv syta for å koma seg opp om morgonen. Det seier seg sjølv at har du sete på nettet halve natta, så er ikkje dette så enkelt. No vert nettet kopla ut kl. 23 – og dette har hatt ein positiv effekt. Likevel vert altfor mykje av tida til den enkelte brukt på rommet – i staden for på fellesaktivitetar og fellesskap.

Borna på mottaket må sjølv gjera innkjøp av all mat, laga seg frukost og koma seg av garde til skule. Når skuledagen er over, må dei laga seg middag sjølv, vaska opp, før det er tid for lekse eller ein fritidsaktivitet. Leksehjelp finst nokre gonger i veka av frivillige, men borna må sjølv ta ansvar for at lekse vert gjort. Fritidsaktivitetar er ofte avhengige av frivillig innsats frå lag/organisasjonar eller enkeltpersonar.

Kvar søndag vert det rett nok laga felles middag på mottaket, som einaste felles måltid heile veka. Helger og fridagar vert ofte lange – ingen aktivitet bortsett frå internett. Samstundes som desse borna – ja, for det er BORN, ventar på svar på søknad om opphald, så slit dei med alt dei har med seg av ballast frå ei fortid me knapt kan ana.

Og kvifor skal dei då bry seg om å stå opp, eta og gå på skule, når dei mest truleg vert uvisst or landet så snart dei fyller 18 år! Dette er ikkje barn sitt beste, men å krenka dei mest sårbare blant oss!

Tida er overmoden for å forstå at born på mottak treng langt meir enn oppbevaring - eg er skremd og oppgitt over slik det fungerer i dag

Reidar Konglevoll

 

FN sin barnekonvensjon som Norge har skrive under har barnet sitt beste som eit overordna mål. Som foreldre ønsker me også det beste for våre barn. Desse einslege borna som er hamna i Lindås har ikkje foreldra her – kanskje dei ikkje har foreldre lenger. Eg ville ikkje at mine born skulle fått kr 692 i veka, og så syta for all mat sjølv, laga seg frukost, middag, vaska opp etter måltid, syta for å koma seg opp og gå på skulen, greia leksene for det meste sjølv, vaska kleda sine sjølv og syta for det meste av fritida sjølv. Legebesøk, bussbillettar og alle andre utgifter må også dekkast av vekepengane.

LES OGSÅ: Fridtjof frykta flyktningane – Så fekk han 40 unge flyktningar i nabolaget

Både frå Barneombodet og i riksaviser har det vore slått alarm om den psykiske helsa blant einslege, mindreårige asylsøkarar. Dette har gått så langt at born har prøvd å ta livet sitt.

Tida er overmoden for å forstå at born på mottak treng langt meir enn oppbevaring – eg er skremd og oppgitt over slik det fungerer i dag.

Reidar Konglevoll

(Med full tilslutnad frå Ingrid Aven som også er vennefamilie)