Ein ubåt til besvær

Debatten om U 864 rullar vidare. Det siste er at KrF ofra saka i forhandlingane med regjeringspartia om neste års statsbudsjett. Dermed går det mot tildekking som regjeringa har foreslått å løyve pengar til.

Debatten om U 864 rullar vidare. Det siste er at KrF ofra saka i forhandlingane med regjeringspartia om neste års statsbudsjett. Dermed går det mot tildekking som regjeringa har foreslått å løyve pengar til. Foto:

Av
DEL

LesarbrevSidan U 864 vart oppdaga av Sjøforsvaret for femten år sidan, har det fleire gonger vorte lova at vraket med 65 tonn kvikksølv ombord skulle bli heva.

29. januar 2009 kunngjorde fiskeriminister Helga Pedersen at U 864 skulle hentast opp. Operasjonen som skulle starte sommaren 2009, vare i to månader og koste over 1 milliard kroner, vart aldri iverksatt.

I Stortingets spørrjetime 26.05.10, slo fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen fast at U 864 skulle hevast. Dette vart bekrefta av statsminister Jens Stoltenberg. Men heving av U 864 vart aldri framlagt til godkjenning på Stortinget. I staden vedtok Stortinget å leggje saka inn under Finansdepartementet for vidare vurdering (St prp. 81 S). Frå dette tidspunktet vart kostnader for handtering av vraket det overveiande element. Omsyn til helse og miljø vart mindre viktige.

U-864 ikkje nemnt i budsjettavtalen - fryktar regjeringa no går for tildekking 

I åras løp har fleire firma sagt seg villige til å heva vraket på ein trygg måte. Allereie i 2007 uttalte direktør for Eide Marine Service at selskapet hans var «i stand til å heve ubåtvraket på ein enkel, trygg og miljømessig sikker måte.» (intervju med BT 25.01.07).

Nederlandske Smit Salvage og Mommoet som var med å heve vraket av Kursk, kunne òg ta oppdraget. Siste i rekken er United Offshore i Bergen som har moderne tekniske løysingar for å ta oppdraget. Firmaet estimerer kostnader for heving på 460 millionar kroner (BT 14.10.18).

I sitt framlegg til statsbudsjett for 2019 foreslår regjeringa 335 millioner for å dekkje til vraket. Skilnaden mellom budsjetterte kostnader for dekkjing og estimerte kostnader for heving er dermed i underkant av 150 millionar. Dette er eit ubetydeleg beløp for eit land med eit oljefond på over 8000 milliardar kroner.

Dekkjing av U 864 er foreslått fordi det er billigare enn heving. Men dekkjing er framleis ei «løysing» som forskyver problemet til neste generasjonar og som ein rekkje forskarar har åtvara mot.

Raudt Hordaland meiner at det ikkje er behov for fleire utgreiingar. Det hastar å få fjerna den tikkande miljøbomba utanfor kysten vår! Under budsjettbehandlinga på Stortinget kjem Raudt til å slutta seg til opposisjonen og kreve heving av U 864!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags