NGIR bør drifta henting av bosset vårt. Me vil ikkje ha slike tilstandar som i Oslo i fjor

Reno Norden har tatt over bosshentinga for NGIR etter Retura. For å ta unna avvika har NGIR leigd inn hjelp fra den førre transportøren.

Reno Norden har tatt over bosshentinga for NGIR etter Retura. For å ta unna avvika har NGIR leigd inn hjelp fra den førre transportøren. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevMe les i avisa at det private selskapet som hentar bosset vårt i Nordhordland og Gulen slit økonomisk. Dersom dette selskapet ikkje klarar seg er det naturleg no at renovasjonsselskapet vårt NGIR driftar hentinga av bosset sjølve framover.

Det mest seriøse og ansvarlege då er å tilsetja kompetente og lokalkjente  folk, og kjøpa inn gode og moderne renovasjonsbilar.  Det vil vera best og tryggast for alle innbyggjarne i Nordhordland, men og for dei som arbeider med å køyra og henta bosset vårt heile året, og i all slags ver.

NGIR er ein seriøs arbeidsgjevar som innbyggjarane eig saman, og som i dag gjer eit flott arbeid i vår region. Lindås Senterparti  meiner at selskapet vårt må ta hand om heile denne tjenesta framover, og ikkje konkurranseutsetja dette transportarbeidet vidare når eksisterande kontrakt fell ut.

Me vil ikkje ha slike tilstander som Oslo hadde i 2016. Det beste for innbyggjarane våre, sjåførane og for selskapet vårt NGIR er å gjera dette arbeidet sjølve framover. Sjølvgjort er velgjort meiner Lindås Senterparti!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags