Retningslinjer om ferieturar gjeld for alle

Kommunalsjef for helse og omsorg i Lindås kommune, Leni Dale, har fått mykje kritikk etter at Avisa Nordhordland skreiv om det nye ferieregelverket for brukarar av kommunen sine omsorgstenester. I dette innlegget avviser Dale at ho og kommunen bryt nasjonale og internasjonale lover og retningslinjer, slik det har blitt hevda. Arkivfoto: Yngve Garen Svardal

Kommunalsjef for helse og omsorg i Lindås kommune, Leni Dale, har fått mykje kritikk etter at Avisa Nordhordland skreiv om det nye ferieregelverket for brukarar av kommunen sine omsorgstenester. I dette innlegget avviser Dale at ho og kommunen bryt nasjonale og internasjonale lover og retningslinjer, slik det har blitt hevda. Arkivfoto: Yngve Garen Svardal

Av
DEL

MeiningarFerieturar for personar med nedsett funksjonsevne har vore tema i ei rekkje innlegg den siste tida. Fleire meiner at retningslinjene til Lindås kommune er urettvise og bør endrast slik at det blir mogleg for personar med nedsett funksjonsevne å reise på ferieturar.

I eit innlegg i Avisa Nordhordland hevdar styret til Lindås og Masfjorden sitt lokallag i Norsk Forbund for Utviklingshemmede (NFU) at vi som administrasjon går ut over våre politisk delegerte fullmakter og bryter med eigne planar og nasjonale og internasjonale lover og retningslinjer.

Dette stemmer ikkje.

Retningslinjene for «ferie og feriereiser» gjeld alle som mottar helse- og omsorgstenester i Lindås kommune. Når vi snakkar om økonomi og rettferd, handlar det med andre ord om langt fleire brukarar enn dei som har vore synlege i denne debatten til no.

Retningslinjene er utarbeidd innanfor og er i tråd med rammene som lokallaget til NFU peikar på: Lokale planar og nasjonale og internasjonale lovar og reglar. I tillegg er retningslinjene eit resultat av dei økonomiske rammene vi har til helse- og omsorgstenester i kommunen vår.

Vi forstår ønsket om å dra på ferieturar og forstår også at ein del har behov for å ha kjent personale med seg på ei slik reise, men bistand til ferieturar er ikkje ein del av dei lovpålagte oppgåvene til helse- og omsorgssektoren. Vi prioriterer lovpålagte oppgåver innanfor dei rammene vi har i dag.

Å opne opp for at tilsette i kommunen kan følgje med på utanlandsturar har fleire sider ved seg:

  • Vi må betale meir i løn til dei tilsette som skal vere med på turen.
  • Det er utfordrande å følgje krava til arbeidstid i arbeidsmiljølova for dei tilsette som skal på tur.
  • Vi får anten auka lønsutgifter til vikarar der den tilsette jobbar til dagen eller færre tilsette på jobb til dei brukarane som ikkje er på tur.

Vi har valt å la retningslinjene for dei som mottar helse- og omsorgstenester i kommunen gjelde alle. Vi følgjer også «opphaldskommuneprinsippet», som seier at opphaldskommunen har ansvaret for helsa vår når vi drar på turar internt i landet.

Retningslinjene inneber ikkje at vi må slutte med dagsturar for å gå på kino eller ete middag i Bergen, men gjer at vi ikkje kan tilby at tilsette blir med på lengre turar i Noreg eller til utlandet.

Leni Dale

Kommunalsjef for Helse og omsorg i Lindås kommune

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags