Radøy viser veg for kulturen i Alver

Antia Bakken, Leif Johnsen og Maya Riise, 3., 1. og 2. kandidat MDG Alver

Antia Bakken, Leif Johnsen og Maya Riise, 3., 1. og 2. kandidat MDG Alver Foto:

Av

Lokaldemokratiet kjem dårlegast ut i kommunereforma.

DEL

Lesarbrev
Radøy har hatt «beste praksis» av dei tre samanslåingskommunane på kulturfeltet, kåra til årets kulturkommune, og no sist med eit samrøystes vedtak i kommunestyre 20. juni om ei ekstraordinær tildeling av kulturmidlar på to millionar (Nh avis 20.07).

Honnør til initiativtakar ordførar Jon Askeland. Ei slik styrking fortener også kulturlivet i nye Alver!

Ja, det vil vere særs viktig no i dei første åra i den nye kommunen. Det frivillige lagslivet i alle tre Alverkommunane er rikt og skaper mangfaldig aktivitet, engasjement og opplevingar. Det er trivselsfaktorar avgjerande for folkehelse og livskvalitet, kjensle av å høyre til og identitet, vesentlege fokus når tre skal bli ein.

Eit anna moment kjem i tillegg: Dei frivillige organisasjonane vil òg spele ei viktig rolle om folk skal kunne oppleve deltaking og påverknad i storkommunen, fordi dei er òg lokale, representative interessegrupper, med uttalerett, innspel og høyringsuttalar, i dialog og samarbeid med kommunen.

Denne nærdemokratirolla blir naudsynt, for å behalde «levande bygder» og «ta heile kommunen i bruk».

For lokaldemokratiet kjem dårlegast ut i kommunereforma. Meir «samskaping» kan bøte på det. MDG ønskjer at Radøy sin «beste praksis» på kultur skal gjelde i Alver og vil derfor:

– utvide samarbeidet med lag og organisasjonar

– utvikle eit kommunalt apparat for å kunne nytte folks idear, visjonar, kunnskap og erfaring

– greie ut former for påskjønning av frivillig arbeid, m.m.

Om eldsjeler sa Gabriel Fliflet på Førdefestivalen i år: Det er eldsjeler som gjer at små avdalar kan fostre folkemusikarar i lands- og verdstoppen, eldsjeler – og la han til – eit miljø. Kall det gjerne dugnadsfolket.

Eit døme hos oss er korpsmusikken. Men det gjeld alle lag som lever og blømer. Knarvikmila, Utvandrarsenteret, Lyngheisenteret, Ullveka og Biosfæreområdet er òg drive fram av eldsjeler og dyktige miljø.

Dei må få gode vokstervilkår skal Alver bli ein god kommune. Både kommune og næringsliv har ansvar. Radøy har vist veg.
Leif Johnsen, Maya Riise, og Anita Bakken,
førstekandidatar MDG Alver.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags