«På grunn av eldrift er det strengare krav til fokus på avgangs- og ankomsttid»

«Vi går i hovudsak over til elektriske løysingar og reduserer totalforbruket av energi vesentleg», skriv pressekontakt i Skyss.

«Vi går i hovudsak over til elektriske løysingar og reduserer totalforbruket av energi vesentleg», skriv pressekontakt i Skyss.

Av
DEL

MeiningarVi viser til lesarbrev om ferjesambandet Masfjordnes – Duesund. Skyss har inngått nye ferjekontraktar i heile Hordaland. Dei nye kontraktane inneber ein omfattande reduksjon i CO2-utslepp, drivstoff-forbruk og energibruk, i tråd med nasjonale og regionale mål om reduserte utslepp.

Vi går i hovudsak over til elektriske løysingar og reduserer totalforbruket av energi vesentleg.

Frå 1. januar 2019 vart ny ferjekontrakt for strekninga Masfjordnes-Duesund starta opp, operatøren er framleis Wergeland AS. Masfjordnes – Duesund skal også over til heilelektrisk drift med ferja «Fjon» i månadsskiftet januar/februar 2019.

I nytt driftsopplegg er det nødvendig med ladetid i Duesund. For dette sambandet har det vist seg at ladinga let seg gjennomføre innafor rutetidene slik dei har vore – og rutetilbodet er dermed uendra.

På grunn av eldrift og behov for ladetid er det i dei nye kontraktane strengare krav til at ferjeselskapet har fokus på avgangs- og ankomsttid i ferjedrifta.

Ferja skal likevel ta omsyn til busskorrespondansar, og har ifølgje kontrakten plikt til å vente inntil ti minutt på korresponderande bussrute. Dersom ei slik forseinking oppstår, kan resterende ferjeruter same dag bli tilsvarande forseinka.

På grunn av eldrifta vil ein ikkje i same grad kunne køyre inn forseinkingar.

Ferjene vil sjølvsagt vente ytterlegare ved behov når det kjem helsetransport eller ambulanse. Når det gjeld den konkrete korrespondansen med buss kl 16:43 som det blir vist til i lesarinnlegget; avgangstida for buss vart korrigert til 16:46 frå 1. desember 2018 – for å sikre byttemuligheten mellom ferge og buss.

Vi samlar erfaringar, og evaluerer rutetilbodet jevnleg. Ta gjerne kontakt med kundesenteret vårt dersom de opplever at tilbodet ikkje fungerer etter hensikta.

Camilla Lundberg Berntzen, pressekontakt i Skyss

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags