Ei orientering om områdeplan for Lonena

Posisjonen i Lindås vil berre bygga ut 300 bustader i Lonene. Ståle Hauge. Astrid Aarhus Byrknes.

Posisjonen i Lindås vil berre bygga ut 300 bustader i Lonene. Ståle Hauge. Astrid Aarhus Byrknes. Foto:

Av

Ordføraren og leiaren for plan- og miljøutvalet i Lindås med presisering om planane:

DEL

Lesarbrev29. mai vedtok eit samla plan- og miljøutval i Lindås å legge områdeplan for Lonena ut på høyring med frist 31. juli. Det har vore eit stort engasjement om planen og prosessen, noko vi meiner er positivt og verdset høgt.

Høyringsperioden for ein plan er ein viktig del av den demokratiske prosessen rundt kommunal planlegging.

Då kan alle som ønskjer det; privatpersonar, lag, organisasjonar og offentlege mynde, kome med sine innspel til planen. Vi håpar at det kjem mange innspel og merknadar til områdeplan for Lonena.

For å klargjera kva områdeplanen skal løyse for området Lonena, vil vi her leggje fram nokre fakta om planen og kva det er lagt vekt på i planprosessen.

Fakta om området Lonena og forslag til områdeplan:

Prosessen med områdeplan for Lonena starta formelt i 2016 og er eit samarbeid mellom Lindås kommune og grunneigar Rygir Tomteutvikling AS
Hovudmålet med områdeplanen er å sikre og vidareutvikle Lonena som eit framtidig område for friluftsliv og rekreasjon, og spesielt ta vare på våtmarksområdet, Brekkeløype, etablerte stiar og grøne område. Samtidig er det viktig å få til ei balansert og avgrensa utbygging i nærleiken av regionsenteret og skape føreseielege rammer for grunneigar.
Store delar av området Lonena er i dag sett av til bustadbygging gjennom den overordna kommunedelplanen for Knarvik – Alversund. Det er sett av totalt 170.000 kvm med bustadareal i dagens kommunedelplan, med moglegheit for bygging heilt inntil Brekkeløypa. Dette har lagt inne i overordna planar sidan tidleg på 2000-talet.
I framlegget til områdeplan er bustadarealet i Lonenabetydeleg redusert og avgrensa, frå ca. 170.000 kvm til 81.900 kvm. Samtidig legg områdeplanen opp til ei stor auke i areal for friluftsliv, grøne friområde og rekreasjon – frå dagens plan med 92.000 kvm til 260.000 kvm i områdeplanen.
Gjennom planen ønskjer vi også å sikre ein større del av Lonena som friområde for framtida, slik at dette blir eit permanent område som får varig «vern» for friluftsliv og rekreasjon. Kommunen kan berre sikre dei grøne friområda gjennom ein vedtatt områdeplan eller reguleringsplan.
Turløypa Brekkeløypa og andre etablerte turvegar skal haldast oppe, og det skal vere minimum 30 meter mellom Brekkeløypa og bustadområda. Slik planen er lagt opp vil det berre vere ein liten del av løypa der denne minimumsavstanden er aktuell. Resten av løypa ligg lenger frå bustadområda og det blir lagt opp til å sikre skjerming ved bruk av høgdedrag og utforming i terrenget.
Alle planar har ei plangrense og alt innanfor denne plangrensa kan bli vurdert og råka i ein planprosess. Vi vil gjerne understreke at gamleskulen og markagrensaikkje er ein den av områdeplanen for Lonena, og blir dermed ikkje direkte påverka av denne planen.
Områdeplanen for Lonena er ein plan som legg rammer for vidare detaljregulering. Dette betyr at planen på dette nivået ikkje beskriv eit nøyaktig tal på bustader. Det vil vere framtidige detaljreguleringsplanar som bestemmerendeleg tal på bustader. Desse reguleringsplanane skal gjennom same politiske og demokratiske prosess som områdeplanen.
Bustadområda i planområdet må gjennom ei detaljregulering etter at områdeplanen er vedtatt, ogområdeplanen set klare krav og rammer på korleis bustadområda og bustader skal vere. Det gjeld til dømes bustadtype, storleik på bustader, etasjehøgde (3 etasjar), utnyttingsgrad, terrenginngrep, uteområde og trafikk.
Områdeplanen har også krav om å sikre og vidareutvikle etablerte stiar og gangvegar i området, og alle bustadområda skal ha samanhengande grønområde, slik at heile området blir opplevd som eit samanhengande grønt nettverk. Dette skal ein synleggjere gjennom ei detaljregulering.
Det er Statens vegvesen som set krav til korleis kryssa med FV57 og E39 skal utformast ved ei utbygging i Lonena og langs heile Lonsvegen. Det er sett krav om lysregulering ved FV57 før første bustad i Lonena kan bli bygd. Vurdering av trafikktilhøve i sjølve Lonsvegen vil bli vurdert i ei detaljregulering.

Me meiner at dette framlegget til områdeplan vil sikre Lonena som eit attraktivt frilufts- og rekreasjonsområde for framtidamed varig vern mot endringar.

I tillegg blir det lagt opp til ei avgrensa utbygging, der det er stilt strenge krav til korleis utbygginga skal tilpasse seg dei grøne kvalitetane i området. Gjennom plankartet og dei juridiske føresegnene har vi lagt vekt på å minimalisere utbygginga i Lonena, og dette skal vi følge opp i seinare detaljreguleringar.

Vi har tidlegare sagt at eit tal rundt 300 bustader vil vere akseptabelt.

For å sikre at størstedelen av Lonena blir eit permanent friluftsområde for framtida, er det viktig at vi får vedtatt områdeplanen. Det gjer at vi som kommune har moglegheit tilkjøpe ut dei grøne friområda. Det kan også skje i samarbeid med staten, som igjen gjev eit sterkare vern.

Vi håpar at vi får gode innspel til områdeplanen gjennom høyringsperioden, alle innspel er viktig når vi skal legge planar for Lonena. Vi er også tilgjengelege og kan stille på møte med innbyggarar for dei som ønskjer det.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags