Korrigering av utsegna til Arbeiderpartiet sin ordførar Per Lerøy

Av

Austrheim Arbeidarpartiet sin ordførar, Per Lerøy, kom med eit svar til Austrheim Høgre sin ordførarkandidat sitt innlegg som ikkje kan stå utan korrigering.

DEL

LesarbrevLerøy meiner det er stygt og direkte ufint å trekke fram vass-skandalen på Askøy. Det er ikkje stygt og ufint, men heilt rett å sjå på eigen situasjon når andre opplever noko vi må unngå. Folk vil alltid bli uroa når det skjer alvorlege svikt i grunnleggande tenester. Når slike hendingar skjer så må dei diskuterast og ikkje gjere seg politisk uangripeleg med å definere debatten som ufin og stygg.

Arbeidarpartiet løftar fram arbeidsløysa som årsak til ei kraftig nedgang i skatteinntektene til Austrheim kommune. Kommunen fekk ei auke på arbeidsledige på ca. 20 personar i 2015. Dette er relativt små tal og seier seg sjølv at det er sterkt overdrive å gje arbeidsløyse på 20 personar som forklaring på kraftig nedgang i skatteinntekt til kommunen.

Ein skal hugse på at dei betalte skatt av dagpengane også. At dei har ein medverkande forklaring er Austrheim Høgre heilt einige i, men meiner Arbeiderpartiet legg for stor del av skulda for den økonomiske situasjonen til kommunen på utanforliggande faktorar og dermed utanfor politisk kontroll. På den måten forsøker Arbeidarpartiet å redusere sitt ansvar for den økonomiske situasjonen kommunen står i.

I Per Lerøy sitt innlegg allmenngjer Arbeidarpartiet det å komme på Robek ved å påstå at nesten 300 av landets 422 kommunar har vore innom denne lista. I følgje Regjeringen.no er dette feil tal. I frå 2001 til desember 2018 har 225 kommunar av 432 vore på Robek. Nesten halvparten av landets kommunar har altso aldri vore på Robek. Berre 69 av landets kommunar har vore to gonger på Robek-lista slik Austrheim er no.

Det er ikkje rett å allmenngjere og ufarleggjere det å komme i ein vanskeleg økonomisk situasjon slik Austrheim no har kome i. Investeringsviljen har vore for stor og dette rammar drifta som vil få konsekvensar for tenestene.

Lerøy har ambisjonar om å få kommunen ut av Robek snarast råd. Med det forstår vi at også han tykkjer at situasjonen er problematisk. Men å haste seg ut av Robek kan ha for stor pris på det menneskelege plan. Det er kjent at fleire kommunalt tilsette har fått oppseiing i vår. Dei har vore knytt til arbeidsplassar som har med born å gjere – skulane og barnehagane. Når Lerøy uttalar at det for han ikkje er nokon katastrofe å hamne på Robek, så kan det opplevast som ein katastrofe for dei som no har fått oppseiing som ein konsekvens av for stor investeringsvilje. Tal og menneskje er to forskjellige ting.

Per Lerøy stiller seg spørjande til ordførarkandidaten i Austrheim Høgre sine meiningar på grunnlag av hennar kjønn. Han har såleis ei klar formeining om kva ei kvinne skal meine og stiller seg spørjande når ho ikkje innfrir hans forventningar. Det er nesten ikkje til å tru at hans forvirring dermed fører til at han stiller spørsmål til si eiga innbilling om kvinnekamp. Han får gå nokre rundar med seg sjølv, så kanskje det lysnar litt. Å trekke inn kjønnskortet i valkampen i 2019 kan i beste fall kategoriserast som mannssjåvinisme og god gamaldags hersketeknikk.

Det ligg ikkje noko kontroversielt i at Arbeidarpartiet løftar fram ei kampsak at alle skal ha moglegheit til å få 100 % stilling viss dei ynskjer det. Dette er å rekne som å sparke inn opne ideologiske dører i mange politiske parti, også Høgre. Høgre meiner det likevel skal være valfritt å kunne ha redusert stilling viss det er mogleg med tanke på arbeidsoppgåvene. Det vi i Austrheim Høgre stiller oss svært undrande til er at Arbeiderpartiet i Austrheim kan love noko slikt når kommunen denne våren har sagt opp fleire kommunalt tilsette. Det er eit godt å mål å ha 100 % stilling som normalen, men det er uanstendig å sei opp folk samtidig med å love andre auka stilling viss dei ynskjer det.

Høgre har kome med fleire forslag dei siste periodane som ville ha betra den økonomiske situasjonen til kommunen. Høgre gjekk imot utbetaling av kr 900.000 i forlikssaken, basert på foreldelsesfrist. Vi har foreslått reduksjon i kommuneadministrasjonen si toppleiing og droppe lønsauke til toppleiar i dårlege økonomiske periodar. Vi har foreslått sal av kommunale eigendommar og oppløysing av AS Austrheim næringsselskap.

Austrheim låner meir pengar enn vi betalar ned kvart år. Vi har foreslått at maks låneopptak skal være lik nedbetaling av lån, samt at nedbetaling av lån må være lik avskrivingar. Vi må setje tæring etter næring. Dette har vore vårt mantra gjennom perioden. Det er flott med investeringar, det vil vi i Høgre og, men på eit forsvarleg nivå med ei nøye prioritert rekkefølge der det som er livsnaudsynt kjem før «nice to have». Til dømes må vatn prioriterast framfor ny fotballbane. Ein kan ikkje alltid «få» alt ein ønskjer. Lerøy ramsar opp kva kommunen har investert i og med det viser han at uavhengig av kor dårleg økonomi kommunen har, så har det skyhøge investeringsnivået halde fram. Ansvarleg offentleg forvaltning er også å evne til å prioritere.

Austrheim Høgre vil vedta kommunens budsjett på et overordna nivå der politikken dreier seg om ramme til drift, altså driftsbudsjett. Rådmannen i samråd med sine avdelingsleiarar veit best kvar skoen trykkjer. Vi politikarar bør ikkje sette rammene for dei ulike avdelingane, dette ser vi som uansvarleg.

Arbeiderpartiet meiner kursen til Austrheim dei siste åra har vore bra. Om stø kurs mot Robek og enorme uføreseielege utgifter er bra for Austrheim, kan ein då sei at det gjenspeiler ein moderne og effektiv kommune?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags