Ferietur - ein draum som ikkje blir røyndom?

Av

Avisa Nordhordland har eit oppslag om dei nye reglane om ferieturar for innbyggjarar som treng bistand. FO-tillitsvald Christel Knudsen, verje Vidar Hindenes og Forbundsleiar i NFU, Norsk Forbund for Utviklingshemmede Jens Petter Gitlesen er svært negative til desse retningslinjene.

DEL

LesarbrevKommunalsjef Leni Dale forsvarar det med rettferd og økonomi.

Når kommunalsjef Dale kan forsvare det at innbyggjarar med bistandsbehov ikkje kan få med seg tenesteytarar over kommunegrensene, så går ho lenger enn ein administrator skal gjere. Rådmannstaben skal syte for at kommunedelplanar, strategiar og visjonar som politikarane har vedteke vert følgt. Dei skal halde seg til nasjonalt lovverk og førebu saker i samsvar med kommunale-, nasjonale- og internasjonale lover og styringsdokument.

Politikarane vil det beste for innbyggjarane, dette kjem fram i «Kommunedelplan for helse, sosial og omsorg». Brukarmedverknad skal vere i fokus, likeså det å jobbe for eit inkluderande samfunn for alle grupper samt å sikre alle innbyggjarane god livskvalitet og gode levekår.

Oppfattar kommunalsjefen dette som berre fine ord som ikkje skal gjelde dei som treng bistand frå tenesteytarar i kommunen? Vi set vår lit til at politikarane i Lindås kommune engasjerer seg. Dei kan ikkje sjå på at administrasjonen vil innføre retningslinjer som bryt med vedtekne og gjeldande planar.

Kommunalsjef Dale viser til «oppholdskommuneprinsippet». Ein må hugsa på at prinsippet kom for å sikre tenestemottakar, ikke for å frita kommunen.

Prinsippet fritar ikkje kommunen for plikt til å yte tenester til sine eigne innbyggjarar sjølv om dei kryssar kommunegrensa. Mange av dei med nedsett funksjonsevner har behov for kjente og trygge tenesteytarar. Det er ikkje berre å finne ein eller fleire ukjente nye tenesteytarar som skal stå klar når kommunegrensa vert kryssa.

Andre kommunar har fått til gode ferieordningar for personar som treng bistand. Ordningar som verken bryt med arbeidsmiljølova eller er spesielt kostbare for kommunen. FO-tillitsvald Christel Knudsen seier at feriereiser vil la seg gjere utan dei store ekstrakostnadane for kommunen, noko som kommunalsjefen avviser galant. Frå NFU sine ferieleirar, mellom anna på Husnes, kjenner vi kommunar som legg godt til rette, utan å få store ekstrakostnader.

Verje Hindenes kjem med fleire gode eksempel på kva som kan la seg gjere utan at det kostar Lindås kommune noko som helst. Livskvalitet og tryggleik kan ikkje målast i kroner og øre.

Om sommaren er det fellesferie på bedrifta Knarvik Industri og Miljø samt på Dagavdelinga der mange av tenestemottakarane har sitt tilbod om arbeid og aktivitet. Andre fritidsaktivitetar anten i regi av Lindås kommune eller av frivillige lag og organisasjonar har og feriestengt.

Nokon har nær familie som dei kan reisa på besøk til, andre har familie som dei kan reisa på ferie med, men mange har ikkje denne mogelegheita. Ferie er trass alt å gjere noko ein ikkje gjer til vanleg, gjerne gode opplevingar ein kan gle seg til og tenkja tilbake på når kvardagen kjem.

Snart skal tre kommunar bli til ein, Alver. I samband med samanslåing er det sagt at ein skal sjå på, og vidareføre beste praksis. Meland kommune har ikkje praksis for å leggje til rette for feriereiser, det kunne vi lesa om i avisene «Strilen» og «Bergens Tidende» i november 2015. Radøy kommune har heller ingen god praksis på dette området.

No er oppfordringa til politikarane i Lindås kommune å laga retningslinjer som ein kan vera stolte av og som kan vidareførast i Alver kommune. Kommunale fengsel og avgrensa bevegelsesfrihet for menneske med nedsett funksjonsevne, er ikkje noko å smykke seg med.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags