Nye prognosar er ein torpedo mot Flatøy-utbygginga

Av
DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.I Nh 15.02.20 skreiv eg om områdeplanen for Flatøy:

«Planen opnar for om lag 3000 bueiningar med sannsynlegvis meir enn 6000 innbyggjarar. Vi kan ikkje sjå at det er gjort heilskaplege demografiske analysar i planframlegget som underbyggjer behovet for ei slik omfattande utbygging.

I SSB si befolkningsframskriving datert 26.06.18 er veksten fram til 2040 berekna til 2500 i Lindås kommune og 3600 i Meland kommune, til saman 6100 innbyggjarar. For Radøy er veksten stipulert til 100. Den samla befolkningsauken i dagens Alver kommune vil dermed bli 6200.

Dette er hovudalternativet til SSB. Mykje tyder på at framskrivinga er for høg. Fødselstalet i Noreg er synkande og ligg no heilt nede på 1,62. Ikkje sidan 1930-talet har fødselstalet vore så lågt. Det lågaste framskrivingsalternativet til SSB med ein samla befolkningsvekst i Alver kommune på 4500 innbyggjarar kan difor vera meir realistisk.»

Jan Nordø, leiar av Naturvernforbundet Nordhordland. Arkivfoto

Jan Nordø, leiar av Naturvernforbundet Nordhordland. Arkivfoto

Den ferskaste prognosen frå Vestland fylke, sitert i Strilen 18.02.19, støttar under det lågaste alternativet til SSB og vel så det. Iflg. prognosen vil folketalet i Alver auka frå 29 090 i 2019 til 32 995 i 2040, dvs. i underkant av 4000 innbyggjarar.

Prognosen er ein torpedo mot Flatøy-utbygginga. Det er på tide å innsjå realitetane før bustadpolitikken i heile Alver vert skadelidande, både planane om fortetting i Knarvik og Frekhaug og eit desentralisert bustadmønster elles i kommunen. Sats heller på Flatøy som ei grøn lunge.

Artikkeltags