Om grisekøyring på fylkesveg 57

Av
DEL

MeiningarAvisa Nordhordland har den 12.desember ein reportasje om «Sjokkerande bilkøyring», og her kjem fylkesveg 57 svært dårleg ut.

Det er bra at avisa set fokus på ansvarslaus køyring, men når ein i reportasjen også kan lesa; «Til no i 2018 har det vore to dødsulukker i Nordhordland, begge på fylkesveg 57», vert det heilt feil framstilling.

Begge dei to dødsulukkene har - utfrå informasjon i media - vore grundig etterforska, utan at ein har funne årsaka.

Dei pårørande som sit att har det sikkert tungt nok, utan at dei skal måtta oppleva at deira kjære vert ein del av statistikken over dei som har drive råkjøyring.

Det er bra at lokalavisene engasjerer seg i trafikktryggleik, det må de gjerne gjera meir av, men for ettertida må de verta litt meir edruelege i ordbruk og framstilling.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags