Kjære Mark Zuckerberg

Helene Ødven, dagleg leiari Bergen og Hordaland Turlag, inviterer Mark Zuckerberg til Stølsheimen.

Helene Ødven, dagleg leiari Bergen og Hordaland Turlag, inviterer Mark Zuckerberg til Stølsheimen. Foto:

Av

Bergen og Hordaland Turlag med ope brev til Facebook-gründaren!

DEL

MeiningarDet har kome oss for øyra at du kan vera mellom dei som har tenkt å kjøpa den krafta som eventuelt skal produserast ved hjelp av vindturbinar i fjella våre her på Vestlandet. Du er visst oppteken av at selskapet ditt, Facebook, skal framstå som grønt og miljøvenleg. Vi som er frå desse traktene, og brukar desse fjella med moderleg og faderleg omsorg, vil gjerne få lov til å invitera deg til Noreg for å visa deg at den grøne krafta du trur du skal kjøpa, er ein illusjon. Skal vi produsera denne krafta for deg og andre, vil norsk natur i eit enormt omfang bli rasert for all framtid.

Vi trur ikkje du er klar over dette, og vi har tillit til at det er ikkje dette du vil.

Vi vil ta deg med på ein fantastisk flott tur i desse fjella. Du kan velja om du vil koma vintersdagen eller på sommarstid. Fjella er nett like vakre uavhengig av årstid. Opp bratte fjellsider skal vi ta deg, der haren hoppar og reven jagar. Opp forbi skogbeltet, til nakne, vindskurte vidder, gjennom kløfter og skar, forbi blenkjande vatn og opp på toppar med vide utsyn. I det fjerne kan du sjå båtane på fjorden, levande bygder, kulturlandskap og naturlandskap. Kanskje ei ørn som flyt på vinden, kanskje ein rypeflokk. Dette er landskap som har vore urørt av menneskehand, og kanskje vil du i dette riket kjenna på hopehavet med dei vi ein gong var. Skapningar som levde i naturen, og var ein del av han, som hausta av hans overflod og elles let han vera i fred.

Vi har gjort oss til herrar over alt dette, og i den, relativt sett, korte perioden som ligg mellom mennesket som veidemann og mennesket som utbyggjar, har vi sett sjølve skaparverket på spel. Vi veit ikkje om kloden toler fleire inngrep før han kollapsar.

I fjella våre planlegg utbyggjarane massive inngrep. Myr skal bli til veg, toppar skal skytast flate, vatn skal fyllast i. Økosystem kjem til å bli øydelagd, ørn kjem til å bli slått i hel, hjort og rev og hare kjem til å bli jaga på flukt, viktige naturtypar kjem til å bli skote sund, naturmangfaldet kjem til å li.

Nei, vi er ikkje ignorante om klimatrugsmålet, men det er for oss enkel logikk at vi kan ikkje reparera øydelagd natur ved å øydeleggja endå meir natur. Naturen og naturmangfaldet må vera ein del av klimaløysinga. Så er det mykje vi heller kan gjera enn å øydeleggja fjella våre for alltid. Vi kan spara straum, oppgradera eksisterande vasskraftverk, byggja effektive småskala vindparkar i byane, kle taka våre med solceller, og vi kan setja vindmøllene våre på havet.

Nokon vil sikkert fortelja deg at det er altfor dyrt å setja vindmøller på havet. Veit du, Mark Zuckerberg, at det er berre ein grunn til at det er billig å byggja vindmøller på fjella våre. Det er fordi verdien på naturen vår er sett til null. Er ikkje det underleg, at noko som er så dyrebart, for dei ville dyra, først og fremst, men også for det norske folk og vår måte å leva på, ikkje skal ha nokon verdi? Naturen vår, som utlendingane kjem langvegs frå for å oppleva, og som betyr så mykje for oss som turistnasjon, i dag og i framtida, vør vi så lite på at vi meiner vi like godt kan byggja han ned.

Vi som sender deg dette brevet, vi forstår det ikkje, dei fleste av dei som aktivt brukar fjella, forstår det ikkje, og reiselivsnæringa forstår det heller ikkje.

Vi har tillit til at du, Mark Zuckerberg, vil forstå nett like lite etter ein guida tur med oss i desse fantastiske fjella våre. Heilt gratis skal vi ta deg med. Om du vil gå i ein eller fleire dagar, er opp til deg. For oss er saka så viktig at vi gjerne set av ei veke eller meir for å visa deg mangfaldet, variasjonen og dei enorme rikdomane som fjella våre gøymer. Det er rikdomar som vi gjerne vil gi vidare til komande generasjonar

Fordi fjella er ein del av vår kulturelle arv, ein del av vår identitet. Vi eig dei kanskje ikkje i juridisk forstand, men vi kjenner oss alle som eigarar likevel. Slik kan vi sitja på ein fjelltopp og sjå utover eit landskap som er urørt like til fjorden og tenkja at «alt dette er mitt».

Kjem du hit, Mark Zuckerberg, skal du óg få kjenna på denne kjensla av å vera den rikaste mannen på jorda.



Hilsen Bergen og Hordaland Turlag

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags