Slik hylla ordføraren Radøygruppen si nye storsatsing

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Her er Radøy-ordførar Jon Askeland (Sp) si tale i si heilheit i samband med at han sprengde den første salva for Radøygruppen si storsatsing.

DEL

LesarbrevKjære Radøygruppen, formannskap og alle saman.

Formannskapet føler seg beæra over tilliten som vert vist oss ved at ordføraren i kommunen får fyra av startsalva for det som vert starten på ein ny næringsepoke i i Radøy.

Det symbolet eg får ut av dette er at drøfta kva er ein næringsvennleg kommune. For meg betyr det at næringslivet og kommunen saman samarbeider og forstår rammene som næringsutvikling og plan- og bygningslova i fellesskap definerer. Så må ein både vera framoverlent og tålmodig på same tid i tillegg.

Samspel og dialog er nøkkelen der me får det til, som definere næringsvennleg kommune.

Det politiske miljøet i Radøy og rådmannen har dei seinare åra jobba målretta med forbetringsstrategiar, og formannskapet tør i fellesskap påstå at me for tida er i flytsona på mange område som er viktige for hovudmålet at folk skal flytta til, bu, driva næring og besøkja Radøy.

Landets største fiberutbyggingsprosjekt skjer her. Det me har fått til på rekorddti på breibandsutbyggjinga er så banebrytrande framtidsretta at det tåler godt samanlikinga med straumutbyggjing og telefonlinjene i gamle dagar.

Dyktige næringslivfolk er sosialt intelligente og veit at løysingane ligg i dialog kombinert med det å ha fiskaren si framtidsretta tru i botn.

Like nord for oss stod i si tid landets største landnotkast, det gav millioninntekter og mange nye hus på Toska og nokre andre bygder.

For å få dette landnotkastet, måtte dei ha nota i sjødn,- dei var førebudde.

RadøyGruppen skal bruka ein halv milliard på Manger 

No går startsalva for Radøy si største industrikai, og den neste største i Nordhordland. Dette vert den grunnleggjande infrastrukturen for den fisken som Radøygruppen kan dra i land framover.

Me gledar oss svært saman med dykk, og me håpar dette gir starten for nye arbeidsplassar og ei spennande framtid for Radøy og Nordhordland. Og eg minner oss alle på at kvar ein arbeidsplass er like viktig, men omfanget Norges offentlege velferd, dvs. pengar til både barnehage, sjukeheimar, kommunevegar er basert på verdiskapinga i privat sektor.

Dette oppsummerer for meg gleda og den store betydninga denne kraftsalva og det byggearbeidet som no skal skje her har for oss alle.

Gratulerer med dagen, og så håpar eg me kjem levande frå dynamitt-Jon.

Jon Askeland

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags