– Eg er rysta, forskrekka, redd og overraska

Ueigna: May-Cecilie Ulsmog og ei rekkje foreldre i Bøvågen, meiner Hordabøheimen er ueigna som asylmottak. ARKIVFOTO

Ueigna: May-Cecilie Ulsmog og ei rekkje foreldre i Bøvågen, meiner Hordabøheimen er ueigna som asylmottak. ARKIVFOTO

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

– Eg er rysta, forskrekka, redd og overraska, skriv May-Cecilie Ulsmog i dette lesarinnlegget om etablering av asylmotak på Hordabøheimen.

DEL

LesarbrevTil dei som enno gidd å involvere deg. Eg er rysta, eg er forskrekka, eg er redd, eg er overraska og eg er alt det som andre har uttalt dei er i forbindelse med opprettinga av eit asylmottak ved Hordabøheimen.

Eg er rysta over kor hardt ein klarer å dømme foreldre som fryktar for tryggleiken rundt barnet sitt i barnehagen og skulen. Eg er forskrekka over at ein kan meine så mykje og ikkje ha eit godt argument for kvifor det er ein god idé å ha 40 til 60 ungdommar frå 15 til 18 år i umiddelbar nærleik til barnehagen og skulen. Eg er redd for konsekvensane dette asylmottaket kan få for Bøvågen og Radøy. Eg er overraska over korleis enkelte vel å tolka det opne brevet vårt!

Til deg som tilsynelatande set andre høgare enn deg sjølv, kvar i rekka set du meg, mitt barn og min familie? Til deg som applauderer open mobbing, kvar i rekka set du meg og mine sambygdingar som også er dine? Til deg som kun tenker på å fylla di eiga lommebok endå meir, kvar er omtanken din for samfunnet i Bøvågen og din eigen familie? Til deg som uttaler att det er ein kjempeidé, kvar er resten av argumenta dine? Til alle som manar oss som er skeptiske til å ha empati med dei som er flyktingar, til å sjå det store bildet til å skjerpe oss, til å starte med blanke ark osv. Kvar er dykkar empati?

Slik eg ser det har dykk misforstått ordet empati, eller så meiner dykk at det kun er andre som treng å ha det, og at det kun er asylmottakara som fortjener å få det......For dykk evner jo ikkje sjølve og kjenne på det me fryktar. Dykk kallar oss framandtfientlige, og fordomsfulle, dykk snur dykk vekk og svarar ikkje når eg seier hei. Dykk snakkar bak ryggen min medan dykk er tøffe online..... Kven er det som må skjerpe seg?

Til deg som kun tenker på å fylla di eiga lommebok endå meir, kvar er omtanken din for samfunnet i Bøvågen og din eigen familie?

May-Cecilie Ulsmog

Eg skulle ønske att dykk i berre 1 minutt fekk føla den kloa som knip meg i hjarta når eg tenker at noko kan skje med min gutt, kjenna den frysninga som sprer seg frå nakken og nedover i kroppen min, kjenna klompen i halsen!!! Veit dykk alle at det er ikkje ein einaste person som har gitt oss svaret me treng! Me vil høyre at; JA, sjølvsagt skal me ta ansvar for tryggleiken rundt borna dykkar. Kvifor tør ikkje nokon sei at dei skal ta det ansvaret? Kan nokon sjå meg inn i augo og love meg at det ikkje vil skje noko med gutten min? Kvifor ler dei av meg og mine bekymringar medan dei seier det går sikkert bra, men å ta ansvar det maktar dei ikkje.

Morsinstinktet har tatt over seier nokon, kva i verda har det med saka å gjere? Syns alle fedrene i Bøvågen at det er ok, ingen problem? Kven står først i køen ved ei eventuell hending? Kven som står midt i det når det rasar som verst? Kven må ta ansvaret då? Det er meg og dei andre involverte i Bøvågen, me må ta eit ansvar som blir tvinga på oss, tredd over hovudet på oss utan at me har hatt moglegheit til å påverka avgjerda om det skal bli eit mottak eller ikkje i Hordabøheimen. Uten at me har kompetansen som krevst. Og då er det dette innslaget om at det skal kuttast i politidekninga dukkar opp....Kven skal då komma oss til unsetning om det som ikkje kan skje skjer? Kan nokon nekte for at potensialet for ei hending aukar proporsjonalt med kvar asylant som flyttar inn i Hordabøheimen?

Som sagt utallige gonger tidlegare: me seier ikkje nei til å hjelpe flyktningane i Bø-bygda, me ber berre om at det ikkje må bli på Hordabøheimen

May-Cecilie Ulsmog

Det er veldig lett å sitte i neste bygd aust, sør, nord eller vest og tenke flotte korrekte tankar. for det råkar faktisk Bøvågen hardast. Det er ikkje vond vilje på Bø, me vil hjelpe, me har empati og me har medkjensle, men me er ikkje positive til å busetje dei ved Hordabøheimen! Når det er sagt, hugs at me er ei øy, ein kommune og eit samfunn. Me har eit felles ansvar for dei som kjem, for at dei får det godt også, burde ikkje me då gje dei muligheten til det? Og kva med vernet til borna i barnehage og skulen? Har ikkje dei rett på vern? Kven skal verne dei for det dei kan bli vitne til i sin umiddelbare nærleik? For me veit at det kan skje ting?

Dei einslege mindreårige har og ein bagasje. Dei ber på traumer og frustrasjon. Kan ein verkeleg forsvare å busetja så mange i eit bygg som aldri tidligare har romma ei så stor gruppe mennesker, Hordabøheimen har ikkje uteområde eingong? Kor skal dei gjera av seg? På for eksempel Radøytuunet er alt dette tilrettelagt.

Så lenge det er så mange usikkerheitsmoment og ingen har kunna gitt svar eller garantiar, ber eg om at det også vert tatt hensyn og utvist empati med oss som får dette tett på livet. Som sagt utallige gonger tidlegare: me seier ikkje nei til å hjelpe flyktningane i Bø-bygda, me ber berre om at det ikkje må bli på Hordabøheimen.

Eg har i det siste undra meg over kven som er mest fordomsfull I denne debatten? Så for dei som enno ikkje har fått det med seg, denne debatten handlar ikkje om at eg ikkje ønsker den enkelte flyktning vel, for det er ikkje flyktningene i seg sjøl som er problemet, det er plasseringa av huset dei skal busettjast i. Hordabøheimen er ikkje eit eigna lokale til formålet. Det finst andre lokaliteter på Radøy som er bedre egna.

May-Cecilie Ulsmog

Mor, nabo og medmenneske

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags