– Tynne saker av Senterpartiet

Venstremannen Alf Strand er kritisk til Senterpartiet si handtering av tannklinikksaka. Arkivfoto

Venstremannen Alf Strand er kritisk til Senterpartiet si handtering av tannklinikksaka. Arkivfoto

Av
DEL

LesarbrevI eit debattinnlegg i Nordhordland 9. april let Sp si fylkestingsgruppe vel om kor godt vedtak dei har gjort i saka om tannklinikkane. Det er betre enn me forstår, les eg. Men sjølvsagt ikkje godt nok til at ein kan legga ned klinikkane i Austrheim og Radøy til fordel for Fedje, Modalen og Masfjorden!

LES OGSÅ: Tannklinikksaka og Sp

I fylkestingsmøtet oppdaga Sp brått at fylkeskommunen er ille ute økonomisk. Det visste dei ikkje då fylkesårsmøtet vart halde. For då skulle tannklinikkane leva vidare.

På fylkestinget må representantane frå Sp ha fått seg ein leksjon i økonomi, for no innser ein at fylkeskommunen av økonomiske grunnar må kvitta seg med nokre klinikkar. Då legg ein sjølvsagt ikkje ned klinikkane i dei kommunane som har representantar frå Sp og Ap i fylkestinget. Ein kvittar seg heller med dei som ligg lengst vekke. Så enkelt er det! Dette er etter Sp si meining «å kjempa hardt for innbyggjarane i heile Hordaland.»

LES OGSÅ: «Her har Senterpartiet si fylkestinggruppe gjort ein utruleg dårleg jobb»

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags