– Nærleik og kortreiste tenester er best

Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

MeiningarÅ leggja ned tannklinikkar der folk bur i Nordhordland viser oss alle kva som vil skje om kommunen din forsvinn inn i ein storkommune, det er sentralisering av viktige tenester. Tannhelsa vår kan ikkje ordnast med digitale løysingar og utan at du er i direkte kontakt med ein fagperson. Lindås Senterparti synes vedtaket i fylket var usolidarisk og lite distriktsvenleg.

Nærleiken med gode lokale tenester forsvinn fort i ein storkommune, dei fleste offentlege tenestene vil etterkvart hamna der folk flest bur i regionen. Solidariteten med menneske som våre politikarar og byråkratar ikkje ser eller omgår i kvardagen vert fort  kraftig redusert. Det gjeld særleg for dei som har minst frå før, eller som treng ei hjelpande hand.  Kynismen vil styre meir og meir etterkvart som krybba vert tømt og det vert kamp om resurssane. Storstilt kommunesamanslåing vil gje aukt byråkrati og kommunar som er vanskeleg å styra. Ein slik storkommune vert tungrodd og dyr i drift.

Tannhelsa vår kan ikkje ordnast med digitale løysingar og utan at du er i direkte kontakt med ein fagperson.

Asbjørn Nagell Toft, Leiar i Lindås Senterparti

Dei som vil tjena på at gode lokale tenester forsvinn er og transportselskapa og drivstoffseljarane. Transportrekninga får vanlege folk regionen.  Det vert og sløsing med tida til folk når dei må ha kontakt med ei offentleg teneste som er langt vekke frå der dei bur. Biltrafikken vil auka, dette er ikkje berekraftig, klimavenleg eller bra for folkehelsa.

Kortreis mat er bra og «in« i tida, det bør kortreiste tenester der du bur og vera. Lindås Senterparti ynskjer ikkje meir sentralisering i regionen vår.

Ta vare på kommunen din, den er din, og den kan du styra sjølv!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags