Alver Høgre: Kommunen må få større handlefridom i forvaltninga av strandsona

Av
DEL

MeiningarI nye Alver kommune er det mange som bur eller har sitt virke nær sjøen. Reglane for strandsoneforvaltninga har etter mitt syn vore alt for rigide og kompliserte. Alver Høgre meiner at det kommunale sjølvstyret må styrkast slik at kommunane mellom anna får større handlefridom i forvaltninga av strandsona. Vi er glade for at regjeringa opna for nettopp det.

I Granavollenplattforma står det om strandsona at regjeringa vil:

«Revidere statlige planretningslinjer for strandsonen med sikte på mer differensiert forvaltning i spredt bebygde strøk, slik at det blir større lokal handlefrihet samtidig som man ivaretar rekreasjonsmuligheter og vern av kulturlandskap».

Dette arbeidet har starta. Regjeringa vil følgje opp Granavollenplattformen og justera retningslinene. Planretningslinjene skal forenklast og strukturerast slik at dei blir lettare å ta i bruk og forstå for planleggjarar, byggjesakshandsamarar og einskildpersonar.

Eg har i alt for mange tilfelle høyrt om døme der planretningslinjene er til hinder for ei positiv utvikling i strandsona.

Planretningslinene skal få fram kva handlingsrom den einskilde kommune har til å leggje til rette for eller unngå bygging i strandsona. I tillegg skal dei peika på kva omsyn som skal vektleggast når kommunane planlegg i desse områda. Skiljet mellom tettbygde og spreidtbygde strøk skal koma tydeligare fram.

Dette arbeidet er viktig for oss i nye Alver kommune av fleire grunnar. Svært mange i kommunen vår bur i eller har sitt virke i 100 metersbeltet. Det er viktig at regjeringa reviderer planretningslinjene, men vi må få medverke med vår erfaring og våre innspel.

Nokre av dei tilhøva eg som ordførarkandidat er opptatt av er:

· Det må bli lettare for kommunen å få etablert næringsareal ved sjø.
· Kommunen bør i større grad sjølv få definera si eiga funksjonelle strandsone.
· Det må bli lettare å endra vedtekne planer dersom fleirtalet i kommunestyret ønskjer det.

Arbeidet med å revidera planane skjer no. Alver Høgre er tydeleg på at kommunen sjølv må få bestemma meir. Det er ikkje fylkesmannen eller fylkeskommunen som skal bestemma dette for oss.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags