Nordhordlandspakken – FV 565 Marås – Soltveit: No hastar det med å få ein ringveg i Nordhordland

Olav Steinar Namtvedt.

Olav Steinar Namtvedt. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MeiningarDet er med stor undring me no ser at FV 565 skal byggjast berre på strekkja Soltveit – Snekkevika, og at det med det framleis vil stå att om lag 2 km med svært dårleg veg på «ringvegen» i Nordhordland. Resultatet vert at mykje av føremålet med bygging av denne vegen ikkje blir oppfylt, nemleg ein framkommeleg og trafikksikker ringveg i regionen.

Kanskje litt historie kan vera med å forklara det: Då Fosnstraumbrua vart opna i 1989 fekk Nordhordland eit viktig regionalt ringvegsystem. Kommunane Austrheim og Fedje fekk med det eit kortare og raskare vegsamband til Knarvik/Bergen og fylkesvegen på austsida av Radøy vart omklassifisert til RV 565. Fosnstraumbrua førte til stor auke og omfordeling av biltrafikken, noko som har vore til stor belastning på den uoversiktlege og smale vegen på strekkja Soltveit – Marås; - ikkje minst gjeld det mykje tungtrafikk. Det tør vera kjent at vegen fungerer som alternativ rute for all trafikk frå vår nordlege region (inklusiv Mongstad). Vegen fungerer i dag som fylkesveg, lokalveg, skuleveg og jordbruksveg, og han går like framom hushjørna ( tildels gjennom tuna) til mange gardsbruk.

Ringvegen i Nordhordland har vore planlagt over lang tid (frå 1960-åra). At bruene i Austrheim kom først var heilt naturleg, men så skulle den siste strekkja byggjast. Kommunedelplanen for vegen vart godkjent i 1996 som RV 565 Tolleshaug – Soltveit, med arm til Manger. Det var til og med sett av litt pengar på vegbudsjettet( men dei vart fort flytta). Reguleringsplanen vart godkjent i 2010.

Når det gjeld finansiering, har det vore lagt fram ei rekkje «Nordhordlandspakkar» med noko ulikt innhald. Det mest påfallande har vore at RV 565 har vorte kortare og kortare for kvar ny pakke. Me likar ikkje å rippa opp i dette, men hadde bompengeinnkrevjinga fortsett etter at Nordhordlandsbrua var nedbetalt, hadde mange vegar hatt betre standard i regionen i dag. Fase I av pakken frå 2004 hadde og bomstasjon på Radøy (noko eg fekk mykje kjeft for), for å få det så rettvist som mogeleg. Siste pakken før den som no er vedtatt inneheld bygging av Nyborgtunnelen som det viktigaste prosjektet, og det vart ei «ørkenvandring» på omlag 10 år før han vart kutta ut!!

Attende til dagens situasjon: Kontaktutvalet legg stor vekt på at det ikkje skal vera ei skeivfordeling i forhold til utgangspunktet når det gjeld prosjekt i Nordhordlandspakken. For oss er det vanskeleg å skjøna at det prosjektet som tenar heile regionen best (prioritert som nr. 1) skal enno ein gong reduserast, og no på ein slik måte at han ikkje på nokon måte fyller den funksjon som er tenkt, nemleg ein tenleg ringveg i Nordhordland. I tillegg vert tilhøva til dei som bur på Sletta ikkje det spor betre. Ingen som kjem denne vegen vil køyra i Haukåsen for å køyra på ny veg, med bompengar, 2-3 kilometer og så inn på gamal veg att.

Når det gjeld skeivfordeling er me freista til å ta med litt meir av historia: Brua over Alverstraumen vart bygd med bompengar (starta i 1956 på ferja). Sidan det har ikkje noko av dei bompengar som radværingane har ytt til bygging av vegar i Nordhordland og vegar/bybane i Bergen vore nytta til vegar på Radøy. Nyevegen Storheimstø – Tolleshaug kom i 1970, bygd med sysselsettings- og fylkeskommunale midlar. For å få han ferdig måtte sågar Radøy kommune forskottera siste delen, medan strekkja Straume – Soltveit vart opna i 1992 (bygd med statlege/fylkeskommunale midlar). Slik sett er det vel kanskje snart på tid radværingane ser noko att for det dei har ytt gjennom alle desse åra. Som tidlegare påpeika er fullføring av ringvegen i Nordhordland av stor betydning for at Nordhordland skal kunna framstå som ein samla og slagkraftig region.

Den løysinga det no ser ut til å vera lagt opp til, -ikkje gang- og sykkelveg og avkorting av vegen -, vil medføra store utfordringar for trafikkflyten på strekkja. Det vert m.a. fleire landbruksavkøyrsler, auka trafikk og dårlegare tilbod til mjuke trafikantar.

Med all mogeleg respekt for Kontaktutvalet, Statens vegvesen og Hordaland fylkeskommune: No hastar det med å få ein ringveg i Nordhordland som sikrar både kommunane, næringslivet og folket som bur langs vegen på ei framtidsretta trafikkåre gjennom regionen.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags