«Alle daglegvarekjedene har alternativ til plastposen, bruk dei!»

Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Bli med og rydd ei strand!

DEL

LeiarLaurdag er det den store strandryddedagen. Over heile landet, også mange stader i Nordhordland, tar store og små eit skippertak for å rydde opp langs strender, bukter og viker.

Det er spesielt dei store mengdene plastavfall i havet som stadig er eit aukande problem. Problemet har vore kjend i årevis, men tragiske historier den siste tida har understreka kor stort problemet er i ferd med å verta.

Det heile toppa seg på våre trakter då ein stranda kval vart avliva. Undersøkingar i ettertid viste at kvalen hadde store mengder plastposar i magen, og har gått gjennom store lidingar ute av stand til å ta til seg næring.

LES OGSÅ: - Heilt tankelaust 

Denne saka førte til eit stort engasjement blant store og små, og fleire spontane ryddeaksjonar vart sett i gang, også lokalt i Nordhordland.

I dag er det den offisielle strandryddedagen, og NGIR sitt apparat er i sving med utdeling av plastsekkar og hanskar, i tillegg til at dei samlar inn alt innsamla avfall.

Vi oppfordrar alle som har moglegheit til å gjera ein innsats i sitt nærområde og bidra til å få strendene fri for alt som ikkje høyrer heime der.

Slike skippertak er viktige bidrag, men endå viktigare er den innsatsen kvar enkelt av oss kan gjera i kvardagen.

Kvar og ein av oss må gå i seg sjølv og sjå kva vi kan gjera for å redusera plastmengda i verda. Her kan alle gjera ein stor skilnad.

LES OGSÅ: Rydda mange båtlass med søppel: – Fleire stader må ryddast

Elevar frå Sagstad skule har talt kor mange plastposar kundar frå daglegvarebutikkane brukar årleg. Deira uoffisielle undersøking konkluderte med 300 000 plastposar i året frå berre ein butikk.

Alle daglegvarekjedene har alternativ til plastposen, handlenett ein kan bruka fleire gonger. Bruk dei!

Det er nok lett å tenka at ein ikkje kan redda verda åleine, men faktum er vel heller at det er ingen andre enn oss sjølve som faktisk kan redda verda. Ein åleine kan ikkje gjera alt, men alle kan gjera litt.

Vi håpar så mange som mogleg gjer ein innsats for å redusera plastproblemet i havet, både i dag på strandryddedagen og i kvardagen elles.

Alle daglegvarekjedene har alternativ til plastposen, bruk dei!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags