Umogleg med utmelding frå Den norske kyrkja?

To år etter at Ture Andersen melde seg ut av Den norske kyrkja og fekk stadfesting på at utmeldinga var i orden, opplevde han nyleg å få melding om at han framleis er medlem i kyrkja.

To år etter at Ture Andersen melde seg ut av Den norske kyrkja og fekk stadfesting på at utmeldinga var i orden, opplevde han nyleg å få melding om at han framleis er medlem i kyrkja. Foto:

Av
DEL

MeiningarI august 2016 melde eg meg ut som medlem i Den norske kyrkja ( Dnk ). Då hadde eg kontakt med kyrkjekontoret i Meland og jamvel soknepresten. Vidare fylte eg ut eit utmeldingsskjema på nettet ; og fekk stadfesta skriftleg at eg var utmeld frå Dnk.

Men i dag får eg tilsendt valkort og orientering om valet - der Dnk fortél meg at eg framleis er medlem i denne kyrkja. Ja , kva skal ein kalla slikt?

Rot og tull er nok det finaste eg kan koma på i farten. Me veit at eit kyrkjesamfunn får kring 1000 kroner i offentleg støtte for kvart medlem. Då ligg det sjølsagt eit økonomisk motiv bak - for å ha flest mogeleg med medlemer - utan at eg vil påstå at slikt er tilfelle her.

Eg har stor tru på Bibelen - Guds ord. Dette er grunnen til at eg melde meg ut av Dnk - som meir og meir framstår som ei fråfallskyrkje. Skal ein arva Guds rike; så kan ein ikkje stå som medlem i dette kyrkjesamfunnet - trur eg.

Men at det skulle gå greitt å melda seg ut av denne apostatkyrkja; hadde eg tru på. Diverre fekk eg røyna noko anna.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags