Framtida er ikkje kva ho var

Leif G. Johnsen representerer Miljøpartiet de Grønne i Meland. I dette innlegget skriv lokalpolitikaren om kva han meiner må til for å få kloden på rett kurs. Arkivfoto

Leif G. Johnsen representerer Miljøpartiet de Grønne i Meland. I dette innlegget skriv lokalpolitikaren om kva han meiner må til for å få kloden på rett kurs. Arkivfoto

Av
DEL

LesarbrevNokre riskpolitikarar er bekymra for eigne barn si framtid når det kjem så mange framande til landet. I dag bør me vere bekymra for ALLE barn si framtid. Dei er den første generasjonen etter krigen som IKKJE kan rekne med ei utvikling til det betre. No kan me tvert om rekne med ei jamn forverring. På mange felt:

  • Klima. Klimakrisa er det største trugselen, den vil truga liva til folk over heile verda.
  • Havforureininga. Særleg plasten som går inn i kretsløpet i naturen og næringskjedane.
  • Befolkningsveksten. Jorda har berekraft til frå 2 til 5 milliardar. Me er no 7,om nokre år 9 milliardar.
  • Overforbruk av ressursar innan produksjon, transport, forbruk, mat, medisin, forsvar/krig.
  • Øyding av verdas matjordressursar, grunna folkevekst, sentralisering og jakta på ressursar.
  • Økonomifaget, som ikkje klarer å sjå kommande kriser eller å utvikle berekraftige system.
  • Bakterieresistens, grunna misbruk av medisinar og for kortsiktig fokus i legevitskapen.

Manglande heilskapssyn

Under alt dette kan ein sei at det ligg same systemfeil, ein feil i korleis me ser på oss sjølv, naturen og livet. Korleis forstår me oss sjølv som menneske? Korleis forstår med naturen? Korleis er me ein del av naturen? Kva er, ikkje berre eit godt liv, men eit berekraftig liv, for oss, for ressursgrunnlaget, omgjevnadane, naturen, kloden? Det er slike spørsmål me må ta ein «time out» for å revurdere. For kriseteikna kjem no i fleire og fleire samfunnsfelt.

Motreaksjonar

Det er karakteristisk for oss menneske at det også kjem motreaksjonar, på teoriområde innan ifilosofi, vitskap, kunst og litteratur, og i det praktiske, i næringsverksemd, i ulike politiske og sosiale rørsler og livsstiltrendar.

Det enno små og uferdige

Det er i det som er i emning, som enno er smått og ofte upåakta, me må leite etter nye svar, nye produksjonsmåtar,  nye berekraftige måtar å leve på. Det er utfordrande, spennande og - arbeidskrevjande.Men mange har starta. Her ligg håpet, i  t.d. økosofi og panpsykisme, grøne energiar og teknologiar, økologisk jordbruk, økologisk økonomi, kretsløps- eller sirkeløkonomi og etisk bankverksemd, som Cultura Bank, gardsutsal, Bondens marknad, småskala omsetning som Reindyrka og Matkollektiet.no, som også leverer i Nordhordland, og fellesskapstiltak som Berekraftig Liv ulike stader i Bergen og andre byar, på Voss, i Austevoll, og på veg til Meland.

Det nære

Viktig for kvar enkelt er tilboda som kjem i nærmiljøet – og bruke dei, eller skape nye. Døme i Meland er Sjøslaget pub på Husebø, Sansetunet restaurant på Kårbø, Økokystgarden på Ypso, Handleriet og Galleri Rustica på Holmeknappen, Jazzkafeen i Nordgardsløa på Frekhaug.

Ein livsviktig oppgåve  for dei unge

Å skape det NYE, det berekraftige, vert ei livsviktig oppgåve, særleg for dei som er unge no. Det vil vera ein overlevingsstrategi. Heilt avgjerande for menneska og kloden si framtid. Kan ein få ei viktigare, ei meir  interessant og meiningsfull oppgåve? Få til noko nytt, bety noko, skape det heilt nødvendige grøne skiftet, skape eit godt liv i eit nytt, berekraftig samfunn.

Helsing MDG i Meland,
v/Leif Johnsen, leiar.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags