Uaktuelt å leggja E39 over Åse og Isdalgardane!

Arild Aase fryktar livsverket kan verta øydelagt om Statens vegvesen får legga E39 rett gjennom gardsbruket sitt. Kjem vegen her vil den bandlegga 300 meter i breidda av det området me ser her nede. Saka skaper no politisk debatt.

Arild Aase fryktar livsverket kan verta øydelagt om Statens vegvesen får legga E39 rett gjennom gardsbruket sitt. Kjem vegen her vil den bandlegga 300 meter i breidda av det området me ser her nede. Saka skaper no politisk debatt. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Statens Vegvesen utgreier ulike løysingar for å leggja Vestlandet si hovudpulsåre E39 utanom Knarvik. Dette er framtidsretta tenking, og vil sikra kommunesenteret og regionsenteret vårt gode kvalitetar som til dømes Vossevangen fekk ved tilsvarande løysing.

Det er presentert ulike vegtrasèar for føring av E39 i ring utanom Knarvik, og av eit opprinneleg utval på 9 alternativ, vert 5 teke med vidare for konsekvensutgreiing fram til kommunedelplanen.

Men, like mykje som me jublar for å leggja E39 utanom Knarvik, så gjev me i Senterpartiet no klar melding om at det er uaktuelt å velja løysingar som raserer Isdalgardane og Åsegardane. Begge stadene representerer store matproduksjonsverdiar og uerstattelege kulturlandskaps- og kulturminneverdiar så nære Knarvik. Desse gardane skal ikkje leggjast under asfalt eller uroast av støy og støv!

Ny E39 kan rasera Lindås største gardsbruk 

Senterpartiet meiner at dei alternativa som legg opp til å kopla E39 saman med fylkesveg 57, og evt ny løysing for fylkesveg 565 er interessante. Dette kan la seg gjera for alternativ V8 føresett at den vert lagt i tunnell under Åse. I tillegg må den ikkje gå daglinje forbi Isdalsgardane med den støyen og landskapsinngrepet det medfører for dei som bur og oppheld seg der. Dersom det ikkje let seg gjera, vil Senterpartiet gå for for dei kortare alternativa V3 og V4, men det må her også takast omsyn til alle som bur og oppheld seg i Knarvik-området.

Vegløysingane innover Osterfjorden for folk og landskap må også vera gode, slik at ikkje ny E39 øydelegg meir enn den gagnar. Tofeltsveg innover Osterfjorden vil vera den beste løysinga for alle, då kan vegen ta viktige miljø- og landskapsomsyn. Senterpartiet vil og understreka at det er eit uttalt mål at all veksten i trafikken framover i Norge må vera kollektive løysingar og at meir varetransport må over på båt og bane. Dette får også konsekvensar for vegdimensjonering i Nordhordland og bergensområdet.

Lindås Senterparti ved Asbjørn Toft.

Jon Askeland, fylkestingrepresentant Sp

Vegvesenet: – Me ønsker ikkje at det skal skje store endringar på eigedommane dei neste åra 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags