Avisa Nordhordland hyllar innsatsen til Simen (13): – La oss alle vera eit døme for andre

Simen Leande Kittang Fanebust nølte ikkje då venninna trengde hjelp, og får ros av brannmann Medaas for handlinga si

Simen Leande Kittang Fanebust nølte ikkje då venninna trengde hjelp, og får ros av brannmann Medaas for handlinga si Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LeiarDenne veka kunne du lesa om Simen på 13 år som for eit år sidan redda ei venninne då ho fekk panikk under bading i sjøen. Hans raske reaksjon gjorde at den dramatiske situasjonen fekk ein lykkeleg slutt.

Han for ros frå brannmann Nils Medaas for at han greip inn resolutt og utan å nøla, og Medaas beskriv Simen som ein kvardagshelt og eit døme for andre.

Medaas fortel at det er tre vanlege måtar å reagera på i slike situasjonar; anten spring ein vekk, ein stivnar til og blir handlingslamma, eller tek initiativ.

Vi har alle høyrd liknande historier der rask inngriping frå forbipasserande har gjort ein skilnad mellom liv og død, men også historier der ingen grip inn, sjølv om nokon treng hjelp. Som brannmann Medaas seier er det lett for å bli handlingslamma i møte med noko ein ikkje føler ein meistrar.

I frykt for å gjera noko gale er den enkle utvegen for mange å ikkje gjera noko, og ein vert berre ein passiv tilskodar.

Når uhellet er ute, om det er ein bilulykke, drukning eller akutt sjukdom, er tida ofte eit kritisk element. Ventar ein for lenge med å reagere kan det vera for seint. Tenk på korleis det ville vore om ein sjølv hadde vore i behov for hjelp, og ingen greip inn.

Det er sjølvsagt ikkje alltid utan risiko å gripa inn, men Simen nølte ikkje då venninna trengde hjelp, og får ros av brannmann Medaas for handlinga si. «Det er ikkje sjølvsagt at folk er så snartenkte og handlingsdyktige, så det må han berre rosast for. Simen er eit døme for andre», seier han.

La oss alle vera eit døme for andre, og gå framfor med eit godt døme om uhellet er ute. Alle treng ikkje gjera ein heltedåd, men å ta ansvar og varsla naudetatane kan alle gjera. Berre det kan skilja mellom liv og død når sekunda tel.

I frykt for å gjera noko gale er den enkle utvegen for mange å ikkje gjera noko

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags