«Det må ikkje vere tvil om at Alver kommune skal støtte kulturområde også i framtida.Tallause frivillige gjer ein fantastisk innsats kvar einaste dag.»

«Det må ikkje vere tvil om at Alver kommune skal støtte kulturområde også i framtida.», skriv Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes i eit felles debattinnlegg med konstituert kultursjef Eileen Marie Feste og leiar i Lindås kulturråd, Einar Vatne. Arkivfoto: Yngve Garen Svardal

«Det må ikkje vere tvil om at Alver kommune skal støtte kulturområde også i framtida.», skriv Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes i eit felles debattinnlegg med konstituert kultursjef Eileen Marie Feste og leiar i Lindås kulturråd, Einar Vatne. Arkivfoto: Yngve Garen Svardal Foto:

Av
DEL

MeiningarTilsvar til Bjørn Olav Benjaminsen sitt lesarinnlegg i Avisa Nordhordland 09. januar 2019

Fyrst vil vi takke for eit engasjert lesarinnlegg om kulturhus-og symjehall i Nordhordland. Du har vært ein aktiv kulturaktør i fleire tiår og fekk i desember 2018 Lindås kommune si kulturpris for ditt eineståande arbeid.

Regionalt kulturhus for Nordhordland har vore tema i regionale og fylkeskommunale planar gjennom meir enn 20 år. Lokalt har det vore fleire initiativ i saka, men realisering har so langt ikkje vore mogeleg.

Intensjonsavtalen for den nye storkommunen seier m.a.: «Den nye kommunen vil arbeida for å realisere eit felles regionalt kulturhus». Eit fleirtalet i Lindås kommunestyret bad rådmannen om å gjere ei kartlegging. Dette var bakgrunnen for at rådmannen i økonomiplanen 2016-2019 foreslo «å gjennomføre ei behovskartlegging av bygging av eit regionalt kulturhus». Det vart utarbeid ein rapport/kunnskapsgrunnlag, i lag med Telemarksforsking, som vart presentert for Formannskapet.

Prosjektet har vert organisert med Lindås kommune, formannskapet, som oppdragsgjevar og ass. rådmann Hogne Haugsdal som prosjektansvarleg. Prosjektleiar har vore kultursjef Øyvind Stang. I lag med biblioteksjef Marit Gro Berge, har dei utgjort ei prosjektgruppe saman med Rune Håndlykke. I 2017 vart Rune Håndlykke (Kulturhusplan DA), engasjert som rådgjevar for prosjektet. Håndlykke har erfaring frå fleire enn 20 kulturhusprosjekt kring i Norge og fleire store prosjekt i Sverige. Av nyare prosjekt i vår regionen kan nemnas Åsane kulturhus som skal opnas våren 2020.

Forprosjektet starta 01. mars 2017. Dei viktigaste tiltak i prosessen har vore:

•Samling av informasjon frå tidlegare rundar, plandokument m.m.

•Rådgjevar har gjennomført ca. 15 intervju med nøkkelpersonar i kulturliv, næringsliv og involverte etatar i kommunen, nabokommunane, regionråd m. fl.

•To møte i referansegruppa og informasjon til årsmøtet i Lindås kulturråd.

•Det har vore arrangert folkemøter med korps / kormiljøa og revygruppene om kulturhus og med idrettsmiljøet om badeanlegg kring i kommunen

•Møte/ informasjon til kulturteamet i Lindås, Regionrådet i Nordhordland, fellesmøte mellom rådmennene i ”storkommunen” og leiargruppa i kommunen.

•Arbeidsmøte med planavdelinga om Knarvikplan og lokalisering av kulturhus.

•Studietur saman med m.a. leiar i Lindås kulturråd til Kimen kulturhus, Stjørdal og Kulturbadet Sandnessjøen. Tilbakemelding frå Sandessjøen var at dei med sine 7.000 innbyggarar hadde 125.000 besøkande i kulturhus/badeanlegg i året. Frå alle kommunane vi besøkte var tilbakemelding at kulturhuset hadde berika kulturlivet og skapt endå meir aktivitet.

Både ordførar og kommunestyret har saman med administrasjonen lagt vekt på ei open prosess der ein ønskjer innspel /synspunkt og brei deltaking. Vegen vidare vil ikkje vere noko unntak.

Lindås kulturråd som representerer over 30 lag/organisasjonar, har delteke aktivt i prosessen og vil vere ein viktig medspelar vidare.

Det som står att er å finne høvelig plassering av eit kulturhus og finansiering. Det er viktig at det nye kommunestyret i Alver kommune i 2020 får eit godt fagleg grunnlag for å ta stilling til realisering av kulturhus og badeanlegg for Nordhordland, i regionsenteret Knarvik.

Tilslutt; Det må ikkje vere tvil om at Alver kommune skal støtte kulturområde også i framtida.Tallause frivillige gjer ein fantastisk innsats kvar einaste dag.

Astrid Aarhus Byrknes, ordførar I Lindås kommune

Eileen M. Feste, konstituert kultursjef

Einar Vatne, leiar Lindås kulturråd

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags