Berre ein forsmak på storkommunesentraliseringa

Jan Nordø i Austrheim er svært kritisk til kommunesamanslåing og sentraliseringa av tenestetilbod den medfører. Arkivfoto

Jan Nordø i Austrheim er svært kritisk til kommunesamanslåing og sentraliseringa av tenestetilbod den medfører. Arkivfoto

Av
DEL

Lesarbrev«13 tannklinikker kan bli nedlagt i Hordaland. Nå er det opprør i distriktene, som krever planen utsatt til kommunereformen er avklart», kunne BT melda 11.02.16.  «To uker etter at ambulansen ble fjernet fra bygden, døde en pasient», er overskrifta i den same avisa 07.02.16. «Ordfører Ingebjørg Winjum i Granvin er bekymret». 

Ein sentraliseringstsunami trugar Hordaland.  Velferda i distrikta får svi. Skulda har politikarar på alle nivå.

Hordalandspolitikarane har vedteke planar og strategiar med tydelege sentraliserande element.  Plan for attraktive senter vil «stela» tenester frå utkantane til regionsentra, mellom anna tannlege og vidaregåande skule. Helse Bergen fjernar livbergande ambulansar frå Granvin og Kvam.  På Fedje er responstida 1time og 38 minutt, i Modalen 1 time., begge milevis bak Stortinget sitt mål om 25 minutt i grisgrendte strok.

Skimta vi eit ordføraropprør? Tja. I Nordhordland har mange ordførarar vore rettmessig opprørte. I lokalavisene har dei tilsynelatande unisont kravd ei utsetjing av tannhelseplanen til etter kommunereforma.  Men kritikken har også hatt smak av krokodilletårar.

Senterpartiordførar Jon Askeland i Radøy og KrF-ordførar Astrid Aarhus Byrknes i Lindås er nærast arkitektane bak den nye storkommunen Nordhordland.  Ukritisk har dei teke på seg rolla som sendebod for regjeringa sitt sentraliseringsprosjekt. Dei har også vore pådrivarar for eit stort regionalt helsehus i Knarvik, og i glasskula ser dei for seg eit mektig rådhus i Knarvikbyen med eit tungt byråkrati som skal styra over heile Nordhordland. Slike «visjonar» er tviegga sverd for dei andre kommunane i regionen.

Gjennom storkommuneprosjektet sitt har nemleg Askeland og Byrknes lagt til rette for ei sentralisering som også Hordaland fylkeskommune og Helse Bergen ser seg tente med.  For dei kan helsehuset i Knarvik føra til «effektive» og «funksjonelle» tenester; til døme tannklinikk. For store grupper av brukarar i Nordhordland vil det vera eit betydeleg velferdstap. Frå Fedje tur/retur Knarvik tek det til dømes meir enn 4 timar med offentleg transport.  I dag brukar dei knapt 10 minutt til tannlegestolen.

Dagens kommunestruktur og inntektssystem har vore eit bolverk mot den nye sentraliseringsbølgja. Dei sju ordførarane i Nordhordland har folkeleg mandat og jamt over økonomi til å stå opp for velferdstenester i eigen kommune. Ein einsleg ordførar for heile Nordhordland vil neppe klara det same.  Ein pressa kommuneøkonomi vil svært sannsynleg føra til sentralisering av ei rad velferdstenester slik det har skjedd i Danmark.  Med på lasset kan desentraliserte fylkeskommunale og statlege tenester følgja, som tannlege, ambulanse og NAV.

Askeland, Byrknes og fleire andre fylkespolitikarar har i avisene kravd utsetjing av tannklinikkplanen til etter kommunereforma.  Det slaget skulle stå denne veka på fylkestinget.  Men kva skjedde?  Saman med FrP, eit splitta KrF og Ap røysta Askeland saman med partifellene sine i Sp for ei nedlegging av ikkje 13, men heile 20 tannklinikkar i Hordaland. Det er berre til å måpa over. Høgre, SV, MDG, Venstre og Raudt saman med to frå KrF inkludert lindåsordførar Byrknes stemde i mot, men tapte. Det står respekt av Byrknes som hadde samvit til å ta dei massive protestane på alvor, og det i den kommunen som hadde minst å tapa. Verre å skjøna seg på er senterpartisten Askeland.

I Nordhordland blir klinikkane Fedje, Masfjorden og Modalen lagt ned i 2016. Det kjem ny, stor tannklinikk i Knarvik. Når den er klar, blir klinikken på Frekhaug lagt ned. Manger tannklinikk kan bli lagt ned når kommunestruktur og oppgåvefordeling er klar. Austrheim, som i dag ikkje har tannklinikk, skal få ny klinikk når nybygg til Austrheim vidaregåande skule vert bygd. Fylkestinget vedtok at då vert Lindås tannklinikk flytta til dette nybygget.

Vedtaket luktar hestehandel lang veg. Høgreordførarane mister klinikkane sine i Masfjorden, Fedje og Meland. Ordførarane Lerøy, Byrknes og Askeland i Austrheim, Lindås og Radøy, som alle sit for venstreposisjonen på fylkestinget og hadde fleirtal for den nye strukturen, kjem bra ut. Men Lerøy kan ikkje kvila på laurbæra. Nybygg for Austrheim vidaregåande skule er framleis usikkert.

Kuvendinga til ein av dei som har gått høgast ut på banen og proklamert utsetjing, dvs. Askeland, er oppsiktsvekkjande, men ikkje overraskande.  Han har i lang tid ønskt å byggja storkommunen Nordhordland og er med vedtaket i fylkestinget eit godt steg vidare.  Når han har fått det som han vil i Knarvik og på Manger, ofrar han gjerne utkantklinikkane i Modalen, Masfjorden og Fedje og klinikken på Frekhaug. God senterpartipolitikk er det ikkje.

Men makta rår og er berre ein forsmak på kva vi har i vente om storkommunen Nordhordland vert ein realitet med «krokodillane» i ordførarstolen.  Om vi ikkje seier nei og kjempar i mot dette hovudlause sentraliseringsprosjektet, vil endå fleire velferdstenester forsvinna i dragsuget mot Knarvik. 

Jan Nordø,

Austrheim

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags