Auka fokus på trafikktryggleik i nytt fylke

Minnemarkering og fakkeltog 21. februar 2019

Minnemarkering og fakkeltog 21. februar 2019 Foto:

Av
DEL

MeiningarTrafikkulykker er framleis eit omfattande samfunnsproblem, og konsekvensane er synlege og merkbare. Januar og februar er ei tid for minnemarkeringar i mange fylke, også her vest. Torsdag 21. februar var det tid for å minnast dei me mista langs vegane våre i Hordaland i løpet av 2018. Markeringa er ei påminning om alvoret når det kjem til trafikktryggleik.

Systematisert, innsamla kunnskap om stoda i Hordaland, Sogn og Fjordane og dermed i framtidige Vestland fylkeskommune, er viktig. I Hordaland var det 8 omkomne og i Sogn og Fjordane 7 omkomne i 2018. Skadetala for 2018 er ikkje klare, men tala for 2017 viser at det var rett i overkant av 600 skadde i samband med trafikkulykker i det som snart vert nye Vestland fylkeskommune.

Minnemarkeringane gir oss ei påminning om menneska bak statistikkane, grafane og diagramma. At det er snakk om einskildskjebnar og hendingar som påverkar familiar og lokalsamfunn varig. Betre trafikktryggleik handlar om betre liv for folk. Fordi trafikkulykker potensielt sett kan ramma oss alle. Familiar og lokalsamfunn. Mødre, fedre, søsken, barn, vener. Deg og meg.

Trafikkulykkene rammar uvilkårleg, og ulykkene tek ikkje omsyn til om du er liten eller stor. Difor er det òg så viktig at me held trykket oppe. Dei harde realitetane må omsetjast til handlingar for samfunnet si vidare retning. Trafikktryggleik må alltid stå på dagsorden!

Tiltak må gjerast for å utbetra vegnettet, naudetatane må ha ressursar til å kunna gjera jobben sin, me må halda fram med opplærings- og kampanjearbeid og så handlar det om at kvar og ein av oss kan bidra.

Som trafikantar kan me halda fartsgrenser, unngå køyring i rusa tilstand, nytta tryggleiksutstyr som bilbelte, refleks, lys på sykkelen og hjelm, og retta merksemda mot det å vera i trafikken. Med desse grepa har me alt kome langt. Men me må sjå framover, og me må vidare. Gårsdagen kjem aldri tilbake.

Frå årsskiftet bur me i Vestland fylkeskommune. Den nye fylkeskommunen vert då ikkje berre vegeigar, men overtek også Statens vegvesen sine oppgåver som vegforvaltar på fylkesveg. Med det er også moglegheita der for fylkeskommunen til å bli ein endå tydelegare pådrivar for betre trafikktryggleik, framleis i godt samarbeid med Statens vegvesen, politiet og andre viktige aktørar innan trafikktryggleik. Det vil vera viktig både for Fylkestrafikksikringsutvalet og ein pådrivarorganisasjon som Trygg Trafikk.

Nullvisjonen for vegtrafikken er tydeleg på at ingen skal døy eller bli hardt skadd. Ein slik visjon blir fort stor og vanskeleg å handtera. Likevel må me aldri ta kvilesteg i arbeidet, og målet vårt er at me i den nye organiseringa vert betre saman enn me har vore kvar for oss til no. Det ubehagelege faktumet er at det skjer flest ulukker på fylkesvegane, og risikoen er 67% høgare pr. køyrte kilometer på fylkesveg enn riksveg. Det forpliktar til handling. Me inviterer til samarbeid for trafikksikring, både som einskildperson og i organisasjonar og det offentlege. Her kan me gjera det betre for fleire – saman.

Jon Askeland,

Leiar i Fylkestrafikksikringsutvalet i Hordaland

Knut Olav Nestås,

distriktsleiar for Trygg Trafikk Hordaland

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags