Den utvida regjeringa sviktar kvikksølvgifta

Frå venstre: Finansminister Siv Jensen (Frp), statsminister Erna Solberg (H), kulturminister Trine Skei Grande (V) og nestleiari KrF, Kjell Ingolf Ropstad under pressekonferansen på Gardermoen etter at landstyremøta sa ja til den framforhandla regjeringsplattforma.

Frå venstre: Finansminister Siv Jensen (Frp), statsminister Erna Solberg (H), kulturminister Trine Skei Grande (V) og nestleiari KrF, Kjell Ingolf Ropstad under pressekonferansen på Gardermoen etter at landstyremøta sa ja til den framforhandla regjeringsplattforma. Foto:

Av
DEL

MeiningarDen utvida regjeringa har forhandla fram eit 108 sider langt dokument som plattform. Det var interessant å lesa dokumentet, for i tillegg til dei overordna nasjonale linjene, inneheld det rikeleg med detaljerte kulepunkt. Ja, så mange detaljar er det, at det får tankane til å gå til verbalpunkta i eit kommunebudsjett. Dette er ikkje sagt i spøk, for det fortel oss at partia har hatt mange innspel frå organisasjonane sine om stort og smått dei vil ha med, kanskje særleg sidan det også er valår.



Mange av punkta viser også ein dynamikk i saker som ikkje vann fram i revidert statsbudsjett før jul, no kom på plass få veker seinare. Og, med så mange kulepunktdetaljar i regjeringsplattforma, så vert det også tydeleg å sjå kva som ikkje er prioritert. Og då er det dessverre slik at Nordhordland sine representantar i dei fire partia ikkje har hatt gjennomslagskraft, då eg reknar med dei har engasjert seg.



For kvikksølvbomba ved Fedje er dessverre ikkje er nemnt med eit ord. Dette er nedslåande og skuffande, og viser at heller ikkje KrF eller Venstre har nytta sjansen no då dei hadde den. Plattforma har fine formuleringar om å stoppa utslepp og ureining. Då burde det å fjerna verdas største punktutslepp av kvikksølv vore høgt prioritert! Eg registrerer at Ulvsnesøy fengsel  heller ikkje er nemnd på bergingslista i budsjettet.

Ei regjeringsplattform kan sjølvsagt ikkje gå i detalj på alt, men i mengda av svært lokale punkt i dokumentet, så er det skuffande at fjerning av kvikksølvet ved Fedje framstår som ei ikkje-sak, for dette er ei sak for nasjonen!



Mange engasjerte oss med eit hardkøyr på denne saka i haust, og statsministeren var då ærleg på at det ikkje var gått prinsipp i saka, og gav forventningar til at heving av gifta vert gjort. Derfor hadde eg særleg tru på at den endelege gladmeldinga kom no. I staden vart det ikkje eitt einaste ord. Fjernar du gifta likevel, Erna?

Jon Askeland

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags