Alver Arbeiderparti med klart krav: «Kvikksølvet må hevast, ikkje tildekkast»

Regjeringa har gitt konsulentselskapet Rambøll oppdraget med å undersøke om det finst ny kompetanse som kan heve kvikksølvet i U-864 på ein miljømessig forsvarleg måte.

Regjeringa har gitt konsulentselskapet Rambøll oppdraget med å undersøke om det finst ny kompetanse som kan heve kvikksølvet i U-864 på ein miljømessig forsvarleg måte. Foto:

Av
DEL

MeiningarPå 150 meters djup, få kilometer vest for Fedje, ligg ubåten U-864 med 65 tonn flytande kvikksølv på stålflasker. Kjem dette kvikksøvet ut i naturen vil det få katastrofale følgjer for nærmiljøet. Og kva vil vere resultatet for omdømet til norsk havbruksnæring om noko slikt skjer?

Vekslande regjeringar har opp gjennom dei siste åra, etter at ubåten vart funnen i 2003, svikta i oppdraget med å få mest mogleg av kvikksølvgifta heva og fjerna. Etter eit sterkt politisk press gjennom hausten 2018 var forventningane store til kva Solberg-regjeringa ville gjere i samband med statsbusjettet for 2019. Fleire sterke fagmiljø med spisskompetanse på subsea-operasjonar har lansert nye løysingar denne hausten for korleis ein kan heve kvikksøvet og ubåten. Både på Mongstad og i Sløvåg fins det tunge, lokale kompetansemiljø.

Nedturen var stor når det viste seg at regjeringa gjekk for det uakseptable, ei rein tildekking av vraket. Dette var ikkje anna enn eit slag i andletet på folk på Fedje og i Nordhordland!

I samband med behandlinga av statsbudsjettet i Stortinget, landa ein likevel samrøystes på at regjeringa skal gjennomføre ei ny utgreiing før ein konkluderer endeleg på kva ein skal gjere. Seinare har Rambøll fått dette oppdraget. Men dette er berre den nest beste løysinga, regjeringspartia burde gått for forslaget til Arbeidarpartiet og Senterpartiet om å få ei ny, full stortingsbehandling av saka. Dette vil gje ei mykje breiare vurdering og eit meir tillitsvekkande resultat.

Øyvind Oddekalv og Alver Arbeiderparti krev heving av mest mogleg av kvikksølvet i ubåten U-864 utanfor Fedje.

Øyvind Oddekalv og Alver Arbeiderparti krev heving av mest mogleg av kvikksølvet i ubåten U-864 utanfor Fedje. Foto:

Lat det vere heilt klart; Alver Arbeidarparti vil framleis kjempa for at ein hevar mest mogleg av kvikksølvet, og vi vil aldri akseptere ei rein tildekking av vraket. Saman med dei andre Arbeidarparti-laga i regionen vil vi arbeide for at dei nye faglege løysingane blir reelt vurderte og vi vil ikkje gje oss før vi har fått det resultatet som er det einaste framtidsretta med tanke på miljøet og som folket på Fedje, i Nordhordland og framtidige generasjonar fortener: Ei heving av kvikksølvet på Fedje.

Øyvind H Oddekalv
ordførarkandidat Alver Arbeidarparti

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags