Svar til Rune Tollefsen: For Høgre er det viktig at dei gode idéane blir reel politikk

Thomas Larsen og Nils Marton Aadland er høvesvis  2. kandidat for Alver Høgre og ordførarkandidat for partiet. Dei oppmodar i dette innlegget Bergen til å droppa Bybane til Åsane

Thomas Larsen og Nils Marton Aadland er høvesvis 2. kandidat for Alver Høgre og ordførarkandidat for partiet. Dei oppmodar i dette innlegget Bergen til å droppa Bybane til Åsane Foto:

Av
DEL

LesarbrevRune Chr Tollefsen har blitt ein aktiv debattant i Nordhordland. Han må gjerne vere ueinig med Høgre sin politikk, men litt fakta kan vere greitt å ha med seg.

I sitt siste innlegg i Avisa Nordhordland meiner han at Høgre vil selje kommunen på populistiske lovnader, og viser til at Alver Høgre ved å prøve å sjå på bompengetrykket samla er einstydande med at vi ønskjer byvekstavtale.

Først og fremst er Høgre det partiet som først gjekk ut og kravde stans i byvekstforhandlingane fordi det ville vere eit demokratisk problem at gamle Lindås kommune aleine skulle ta ei avgjerd om denne avtalen rett før eit kommuneval. For det andre er det rett og slett ikkje riktig at Alver Høgre ønskjer å inngå i byvekstavtalen slik den ligg føre no.

Dette har Tollefsen fått svar på i diverse fora tidlegare. Les ein referata i dei forskjellige planutvala ser man at Høgre gjennom hele perioden har kjempa å ta i bruk heile ta hele kommunen, anten det er nokon som vil byggja seg ein garasje eller skilje ut ein tomt. Framlegget til byvekstavtale legg for mange avgrensingar på disse moglegheitene.

At Høgre har et standpunkt om å knytte seg til denne avtalen basert på at vi ønskjer å samordne bompengeinnkrevjinga, er rett og slett feil.

Nordhordlandspakken

Det er ikkje feil at Nordhordlandspakken, som vart lokalpolitisk vedtatt i 2015, hadde støtte av Høgre-lag i alle de tre Alver-kommunane. Problemet er at etter dette vedtaket blei gjort har føresetningane for Nordhordlandspakken blitt endra.

Ytre bomring i Bergen gjorde omfanget av bomstasjonar større. Byrådet i Bergen sin provokasjon ved å forsøke å flytte bomstasjonane i Åsane til Nordhordlandsbrua synleggjer dette endå sterkare, og viser at man trenger å sjå bompengenivået samla.

Høgre forsøkte først i Meland kommunestyre, Meland formannskap og Lindås kommunestyre å få til uttale om ein løysing. Ingen ting blei vedtatt i Meland kommunestyre eller i Lindås kommunestyre. Meland formannskap kom seinare med ein uttale. Først i fellesnemnda for Alver, der Høgre på ny løfta saka for å få den handsama i plenum med alle politiske parti som er representert, vart det vedtatt ein uttale med kraft i. Etter debatt, jobba fellesnemnda seg fram til ein uttale til fylkeskommunen. Ei samrøystes fellesnemnd vedtok denne uttalen:

Fellesnemnda for Alver kommune reagerer kraftig på framgangsmåten i samband med å flytta bomstasjonane i Åsane til ein bomstasjon på Klauvaneset. Det er ikkje rett å flytta belastninga frå Åsane til berre dei som bur i Nordhordland. Vi vil vise til fylkesrådmann si innstilling i saka som skal til MISA – FU og Fylkesting og seier oss samde med innstillinga fylkesrådmann har i saka. Vi vil også framheve punkt 3 i innstillinga og meiner at evalueringa i 2020 må innbefatte ikkje berre Bergen kommune, men samordning og belastning i heile Bergensområdet.

Alver Høgre har i fire politiske ulike politiske fora jobba for et konkret uttale. I fellesnemnda fekk vi det til med godt, tverrpolitisk handverk, og vi er svært glad for at alle parti deltok i å laga ein god uttale. Ein slik uttale får meir kraft når den er samrøystes. Alle parti i fellesnemnda stiller seg bak dette, og krev at evaluering av bomstasjonar i 2020 ikkje berre må innbefatte Bergen kommune, men samordning og belastning i hele Bergensområdet.

Alver Høgre ønskte å gå enda lenger i sin uttale, og gi uttale om at Bergen og fylket bør droppe bybane til Åsane og sjå på andre, fullverdige alternativ til ein langt lågare pris. Dei finst. Det er nemleg bybana som er mest avgjerande for kor høge bompengar vi får, og kor lenge vi må betale for det. Dei andre partia i Alver ville ikkje uttale seg om dette.

Gull og grøne skogar

Det er enkelt å berre seie nei til alt utan å ha realistiske forslag til alternativ. Alver Høgre kan ikkje love at det ikkje blir bompengar på ein eller annan måte, men vi står for at føresetnadane har endra seg etter at Nordhordlandspakken blei vedtatt.

I Nordhordlandspakken går så å seie alle bompengane til veg. Vi treng ein opprusting av vegnettet. Ein av moglegheitene er som Tollefsen sjølv skriv, ein bomstasjon på Flatøy inn i kommunen, men ingen andre. Då slepp vi å lesse ei byrde over på foreldre og innbyggarar som må bevege seg i bil innbyrdes i vår langstrakte kommune.

Kor vidt det er andre parti som har «tenkt disse tankane men som ikkje har sagt de høgt enda, og idéen kan derfor ikkje tilegnes Høgre eller Aadland» blir jo reine spekulasjonen, ettersom ingen har løftet idéen for oss enda. Høgre diskuterer gjerne den idéen, og har halde moglegheitene for ei slik løysing open ei god stund allereie.

Utfordringa med bompengenivået handlar likevel ikkje om kva parti som er først ute med ein god idé.

For Høgre er det viktig at dei gode idéane blir reel politikk.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags