På han igjen med Askeland

Jan Nordø går hardt ut mot fylkestingpolitikar Jon Askeland (Sp) i dette innlegget fordi han ikkje tar Austrheim vidaregåande skule meir i forsvar. Arkivfoto

Jan Nordø går hardt ut mot fylkestingpolitikar Jon Askeland (Sp) i dette innlegget fordi han ikkje tar Austrheim vidaregåande skule meir i forsvar. Arkivfoto

Av
Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

LesarbrevAldri kvilande SP-ordførar Jon Askeland har hive seg i sadelen att.  I lokalavisene proklamerer han i motsetnad til lindåsordførar Astrid Aarhus Byrknes at han ikkje er sikker på om han vil kjempa for Austrheim vidaregåande skule, som fylkesrådmannen vil leggja ned. Då  er han meir bekymra for Knarvik vidaregåande skule.

Den nest største skulen i Hordaland med rundt 1000 elevar kan nemleg «risikera å mista utdanningstilbod dei har hatt i mange år». «Må sjå meir enn Austrheim» vert Askeland vidare sitert på i Strilen. Den vakre brura i Austrheim er visst ikkje så spennande lenger. No leflar han med den rike prinsessa i Knarvik og halve kongeriket.

Som tillitsvald på AVS i over 20 år har eg aldri kjend Askeland som våpendragar for skulen.

Jan Nordø

Eg jobba på AVS fram til 2013 og veit at utdanningstilbod kjem og går, også på AVS. Årskulla er ujamne, og fylket har fritt skuleval. Søkjartalet og prognoseinntaket kan dermed variera sterkt frå år til år. I si tid mista til dømes AVS formingsfag og fiskerifag, men fekk andre spennande tilbod tilbake, til dømes byggfag. Slike variasjonar må òg KVS førebels leva med i den privilegerte situasjonen dei trass alt er i.

Som tillitsvald på AVS i over 20 år har eg aldri kjend Askeland som våpendragar for skulen. Den jobben er det først og fremst Pål Kårbø og KrF som har gjort, med solid støtte frå Ap, den radikale fløya på fylkestinget og faktisk Frp. Derimot har Askeland det siste året stått fram som ein av dei mest ihuga sentralistane: Storkommunesentralist, tannlegesentralist og no kan hende vidaregåande skule-sentralist. Kven skulle tru at han var i same parti som Liv Signe Navarsete og Kjersti Toppe?

I staden for å gråta falske tårar over den rike prinsessa i Knarvik, bør Askeland bla opp i partiprogrammet sitt og sjekka kva som står om desentraliserte strukturar.

Jan Nordø

Fylkespolitikaren Askeland veit sannsynlegvis like godt som meg at KVS er sikra langt inn i framtida. Han har sjølv vore med å vedta Plan for attraktive senter i Hordaland som seier at alle regionsentra i Hordaland (Knarvik, Voss, Leirvik, Øystese, Husnes, Straume, Osøyro, Odda, Kleppestø og Bergen) skal byggjast opp med solide utdanningstilbod. Men planen seier også at skular som ikkje ligg i regionsenter, risikerer å bli lagt ned, mellom anna Austrheim, Etne, Rubbestadneset (kåra til den beste skulen i Noreg), Ulvik og Fitjar. Er det også senterpartisten Askeland sin politikk?

I staden for å gråta falske tårar over den rike prinsessa i Knarvik, bør Askeland bla opp i partiprogrammet sitt og sjekka kva som står om desentraliserte strukturar. Etter eit lynkurs, reknar eg med at han vil stå på barrikadane også for den vesle, men svært vakre jenta i Austrheim, sjølv om dei aldri blir gifte.  Saman med kameratane sine i Ap og KrF kan han slik partia har lova, avskaffa fritt skuleval, seia nei til fleire privatskular og i større grad styra inntaket mot KVS og AVS.  Det vil styrka KVS og sikra framtida til AVS.

Jan Nordø,

Austrheim

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags