Me er no inne i sluttfasen av prosessen med å vurdera framtidas kommunestruktur, og i Austrheim står me att med to alternativ. Me kan halda fram som eigen kommune eller me kan gå inn i ein ny nordhordlandskommune. Korleis denne nye kommunen vil sjå ut, veit me ikkje, men mykje kan tyda på at Lindås, Meland og Radøy vil finna saman. Om nokon av dei andre kommunane i Nordhordland også vil slå seg saman med desse tre, verkar i dag lite truleg, men det vil veljarane og politikarane i desse kommunane ta stilling til i mai og juni.

I dag, 22.4.2016, har me fått skissa til det nye inntektssystemet som H, FrP og V har blitt einige om på Stortinget, og dette er hyggeleg lesnad for oss i Austrheim. Basistilskottet vil bli endra slik at Austrheim vil tapa 3,4 millionar kroner i årlege overføringar frå staten. Dette er om lag halvparten av det me hadde frykta. Dette tapet vert på den andre sida kompensert ved at småkommunetilskottet vert vidareført slik at Austrheim vil få om lag 2,7 millionar kroner i årlege overføringar.

Totalt sett vil dette innebera at Austrheim kommune med det nye inntektssystemet vil tapa 0,7 millionar kroner i forhold til dagens statlege overføringar, og det er langt mindre enn me hadde frykta. Ser me dette i samanheng med auka eigedomsskatt på verk og bruk og anna næring, ser ein at Austrheim kommune sin økonomi vil betra seg kraftig i 2017 i forhold til dei to vanskelege åra som ligg bak oss. Med desse økonomiske avklaringane på plass, er det klart at Austrheim ikkje treng å innføra eigedomsskatt på hus og hytter for å få orden på økonomien.

Når me i tillegg veit at Austrheim sjølv med vanskelege tider i oljenæringa, har ein skatteinngang som ligg 10% over landsgjennomsnittet, ligg alt til rette for at kommunen skal få ei sunn og god økonomisk utvikling i åra som kjem.

Når dei økonomiske forholda no er avklart, må ein sjå på andre forhold som vert påverka av ein ny kommunestruktur. Dei viktigaste vil vera demokrati, desentralisering og tenesteyting og nærings- og samfunnsutvikling.

I ein storkommune vert det større avstand mellom folkevalt og innbyggjar. Dette er etter mi meining ei stor demokratisk utfordring. Austrheim vil i snitt få tre medlemmer i det nye kommunestyret på 43 medlemmer, og det seier seg sjølv at desse tre representantane vil få vanskar med å få gjennomslag for Austrheim sine hjartesaker. Ei av dei store utfordringane på dette området vil vera at det for politikarane vil bli lettare å gjera upopulære vedtak, som til dømes å vedta nedlegging av skular eller andre kommunale tenestetilbod. Dette kan fort bli ei negativ utfordring for utkantane i storkommunen.

I intensjonsavtalen er det lagt opp til ei viss desentralisering av dei kommunale tenestene, men me ser at samfunnet rundt oss vert meir og meir prega av sentralisering. Eg er overtydd om at me i ein ny storkommune, trass i intensjonsavtalen, vil oppleva ei sterk sentralisering rundt Knarvik og Frekhaug. Dette vil ikkje berre gjelda det kommunale tenestetilbodet, men også utvikling av nye bustadområder. Denne sentraliseringa vil gjera seg gjeldande straks det er gjort vedtak om å etablera ein storkommune. Igjen er det utkantane i storkommunen som vert skadelidande og som vil betala prisen for sentraliseringa.

Regjeringa har i prosessen med ny kommunestruktur, lagt stor vekt på at kommunane skal få eit større ansvar for nærings- og samfunnsutviklinga. Eg forstår ikkje heilt kva dei snakkar om. Me har eit svært tett samarbeid med næringsaktørane i kommunen, og med næringsaktørar som ønskjer å etablera seg her. Eg tvilar på at det i ein større kommune er mogeleg for politisk og administrativ leiing å vera tettare på nærings- og samfunnsutviklinga enn det ein er i Austrheim kommune per i dag.

Eit av regjeringa sine argument for å etablera større kommunar, har vore at det er vanskeleg for mindre kommunar å skaffa kvalifisert arbeidskraft. Desse problema har me ikkje hatt i Austrheim. Me får godt kvalifiserte søkjarar til alle stillingar me lyser ut og har difor ein svært kompetent kommunal organisasjon med motiverte og godt kvalifiserte medarbeidarar.

I ein liten organisasjon som vår, er det lett å jobba på tvers av organisatoriske skiljelinjer. Dette gjer det enklare å løysa komplekse utfordringar hjå oss enn i ein større organisasjon som ofte vil bera preg av sterk sektortenking.

Me har med andre ord ein liten, kompetent og effektiv organisasjon som er tett på innbyggjarane. Saman kan me skapa utvikling og vekst i nærområdet viss me vel å halda fram som eigen kommune. Alternativet er at Austrheim blir ein utkant i ein ny storkommune og eit område for spesielt interesserte

Mitt klare råd til veljarane i Austrheim kommune er at dei må nytta seg av stemmeretten 23. mai og seia eit rungande ja til at Austrheim skal halda fram som eigen kommune.

Per Lerøy,                                                                                                                                                                                    

Austrheim Arbeidarparti