Flaskehalsen E39 Vågsbotn- Klauvaneset treng strakstiltak

DAGENS KRYSS: Alver Høgre vil ha på plass intelligente trafikklys for å betra trafikkflyten på E39.

DAGENS KRYSS: Alver Høgre vil ha på plass intelligente trafikklys for å betra trafikkflyten på E39. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MeiningarHordaland Høgre ber om prioritering av tiltak både på kort og lang sikt for strekninga E39 Vågsbotn – Klauvaneset. Rask planlegging av ny trasé er høgst nødvendig for å kunne få byggestart av tilkoplingsmuligheter mot E39 Ringveg aust/E16. I påvente av ny vegløysing vil ein kunne ha stor nytte av smarte innovative transportløysingar, difor ber Hordaland Høgre om etablering av eit pilotprosjekt for å kunne teste ut teknologi med forventa god effekt.

Dette strekket av E-39 har hatt ein eksploderande vekst med ein ÅDT som nærmar seg 32000 på Vågsbotn-Klauvaneset.

Det har gjennom fleire tiår vore arbeidd for å realisere E39 Vågsbotn – Klauvaneset (tidlegare kalla Nyborgtunnelen).

Parsellen frå Vågsbotn til Nordhordlandsbrua er ein av dei største flaskehalsane på E39 gjennom Hordaland. Låg vegstandard og mange kryss og overgangar, medfører ofte stilleståande køar spesielt i rushtidene. Dette er i tillegg til å vere svært irriterande for den enkelte reisande, også ei stor ulempe for samfunnsutviklinga i regionen.

Dagens veg, med ei vegbreidde på 5,7 meter har mange ulykker. Ny trase vil og kunne redusere køyreavstanden mellom Nordhordland og Bergen, noko som igjen vil reduserte CO₂ utsleppa.
Det er tidlegare gjort utrekningar som viser at den då planlagde Nyborgtunnelen ville gitt ein reduksjon i CO₂ utsleppa på heile 2 200 tonn pr. år. I tillegg vil ny E39 Vågsbotn- Klauvaneset gi grunnlag for betre kollektivtilbod mellom Nordhordland og Bergen.

Det er i dag kraftig vekst, både i folketal og næringsverksemd, i både Åsane og Nordhordland. Noverande E39 over Hylkje er ikkje dimensjonert for dagens trafikk, og har på ingen måte kapasitet for å ta unna veksten som kjem. Næringslivet prioriterer gode og sikre vegar, dei sett det høgst i spørjeundersøkingar som er gjennomført av næringsforeininga i Nordhordland. Dette er eit svært sterkt signal.

Samanfatta vil ny E39 Vågsbotn-Klauvaneset avlaste lokalvegen over Hykje, gi reduserte klimautslepp, auke trafikktryggleiken, betre kollektivtivtilbodet og styrke banda mellom Nordhordland og Bergen i høve til bustad- og arbeidsmarknad og utvikling av noverande og framtidige næringsareal.
Ei framtidig kopling mot Ringveg aust vil også redusere gjennomgangstrafikken i Bergen sentrum/Danmarksplass med mellom 40 og 50 prosent

Pilot for nye ITS-løysningar

Fram til ny veg er realisert ønsker Hordaland Høgre at det blir sett i verk snarlege tiltak for å betra trafikkflyten på E39 Vågsbotn-Klauvaneset. Difor bør ein vurdera å opna for testing av ulike teknologiar som til dømes bruk av kunstig intelligens på trafikklys, interaksjon/kommunikasjon gjennom GPS/smart-skilting/mobil-talevarsling for å oppnå optimal køyreåtferd (hastigheit og avstand).

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags