Rettferdig pensjon no!

Av
DEL

MeiningarAlle arbeidstakarar må få pensjonsopptening frå heile inntekta si. Får ikkje alle det no er det gjerne nokon som tenkjer. Nei er svaret der. Dagens tenestepensjon i privat sektor er utforma slik at berre rundt tre av ti arbeidstakarar får pensjonsopptening frå heile inntekta si. Og igjen er det dei som har minst frå før av som fell utanom her og. Det er nemleg fleire kriteria som må være oppfylt før ein har rett til opptening på OTP.

  • Berre inntekt som overstig folketrygdas grunnbeløp (1G) tel. 1G er for tida 96.883 kr.
  • Du må ha ein stillingsprosent på over 20%.
  • Må vere tilsett i over eitt år.
  • Må vere fylt 20 år.

Det er anslagsvis éin million nordmenn som ikkje får pensjonsopptening frå fyste krone, og svært mange er ikkje klar over det sjølv. Det kan gjerne vere deg som les dette innlegget.

Dette er ei blodig urettferdig ordning som henger igjen frå tida før Pensjonsreforma blei gjennomført i 2011. Eit av grunnprinsippa i Pensjonsreforma er at ein skal få opptening for all inntekt ein har gjennom yrkeskarrieren. Difor fjerna ein besteårsregelen og andre reglar som avgrensar oppteninga til Folketrygda. Det er på tide å sluttføre Pensjonsreforma ved å sikre at også lågtlønte – og særleg kvinner – får same rettar som det som er vanleg i høgtlønte mannsyrke.

Rune Myntesvik og LO Nordhordland meiner dagens pensjonssystem er «blodig urettferdig». No håpar han KrF og Sp vil støtte Ap og venstresida i ei omlegging.

Rune Myntesvik og LO Nordhordland meiner dagens pensjonssystem er «blodig urettferdig». No håpar han KrF og Sp vil støtte Ap og venstresida i ei omlegging.

Mens mange som jobbar i mannsdominerte høgtlønnsyrker oftare får pensjonsopptening for alle kronene dei tener, er det i typiske kvinneyrke som servering, overnatting, reinhald og varehandel vanlegare med lovens minimum: Den seier to prosent opptening berre for den delen av inntekta som overstig éin gonger Folketrygdas grunnbeløp (1G), som for tida er på 96.883 kroner.

Arbeiderpartiet og SV har fremja eit viktig forslag om tenestepensjonar som skal behandlast av Stortinget.

Stortingets finanskomité gjennomførte 27. september ei høyring om saken. Komiteen skulle vidare behandle forslaget til lovendring fram til innstillinga skulle leggast fram 23. oktober. Dette er no utsett og blir mest sannsynleg ikkje lagt fram før etter nyttår.

Vi veit allereie at regjeringspartia Høgre og Frp har vendt tommelen ned for ein rettferdig tenestepensjonsordning, og at deira partner Venstre antakeleg vil følge dei. Derfor blir det avgjerande korleis Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti stiller seg.

Det er vårt håp at desse to partia ser nødvendigheita av eit rettferdig pensjonssystem.

LO Nordhordland

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags