FNB Alver vil byggja regionmuseum

Ture Andersen står på lista til nye FNB Alver og vil no vise at partiet har meiningar om meir enn bompengar. Regionmuseum i Nordhordland er ei av dei andre sakene partiet vil kjempe for. Denne saka har Andersen vore oppteken av lenge.

Ture Andersen står på lista til nye FNB Alver og vil no vise at partiet har meiningar om meir enn bompengar. Regionmuseum i Nordhordland er ei av dei andre sakene partiet vil kjempe for. Denne saka har Andersen vore oppteken av lenge. Foto:

Av
DEL

MeiningarOm du tek deg tid til å lesa valprogrammet til partiet FNB Alver: Så vil du sjå at me lovar fleire ting. Me er ikkje politikarar - men ærekjære folkevalde - difor vil me satsa alt på å gjennomføra lovnadene våre. Ein av desse lokale lovnadane er å byggja eit regionmuseum i Alver kommune.

Me kjenner til at Meland kommune tidlegare har arbeidd mykje med denne saka. Då var det på trappene å byggja eit slikt museum ved sjøen på Flatøy. Ein no avdød etnologi-professor frå Universitetet i Bergen; ivra for denne saka - og han tok stadig oppatt følgjande: - Me må for all del også byggja ei nothengje i samband med dette strila-museet!

Såleis: Om FNB Alver kjem til makt i nye-kommunen; vil me straks byrja å arbeida med denne saka og vil då kalla inn sogelaga samt andre kulturinteresserte for å starta planlegginga av eit slikt museum. Det er viktig at det vert liggjande ved sjøen og nær hovudtrafikk-åre; trur me.
Sogelaga i denne nye kommunen har allereie samla inn uhorveleg mange gjenstandar som kan fylla eit slikt museum. Det er såleis berre bygningen ein manglar.

Ja , tenk deg tilbake 100 år i tid og til Nordhordland. Folka i dette området var blant dei fattigaste i heile landet. Dei fleste var fiskar-bønder som bar tørrhøyet på ryggen inn i løa ved hjelp av tau og hodl. I støa hadde dei færingen som gav fiskemiddag til familien. Ja , færingen - kjenner du til: Esing, hogde halsar, rong, su, firkant-rø, tofte, tilje, plytt, stamn, keipar, humleband og nygla?

Om ikkje - så kan du læra om det i Alver museum som vonaleg kan verta eit «fyrtårn» for den lokale og gamle strilekulturen.

Godt val!

Morten Klementsen , ordførar-kandidat

Ture Andersen , liste-kandidat

Folkeaksjonen Nei til mer bompenger størst i nye Alver kommune

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags