Nei til vindkraft i Nordhordlandsfjella

Foto:

Av

I eit innlegg i Avisa Nordhordland etterlyser Rune Chr. Tollefsen kvar ordførar i Alver står i saka om vindkraft. Eg seier klart nei til vindkraft i Nordhordlandsfjella. Her står vi saman!

DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Som ordførar har eg vorte informert om at i store delar av fjella våre i Nordhordland er det konkrete planar for vindkraftutbygging. Berre Norsk Vind AS sin eine søknad åleine vil medføra 235 vindturbinar på inntil 250 høgde.

Dette vil krevja nærare 170 kilometer med anleggsvegar i vår fjellnatur med omlag same breidde som ein Europaveg.

Debatten rundt norsk kraftproduksjon er dominert av at me skal produsera rein energi frå vindkraftanlegg på land. Dessverre bidreg denne debatten alt for lite til realitetar i forhold til kor stort areal desse opptar samanlikna med den energimengde dei produserer.

Les bakgrunnen for denne teksten: Hva skjer på din vakt, Sara?

Modernisering og oppgradering av eksisterande vasskraftverk vil leggja beslag på mykje mindre areal, samstundes som dette vil dekka ein stor del av den produksjonen vindturbinar i vårt område vil stå for. Det er difor både øydeleggjande og ei dårleg samfunnsøkonomisk investering å byggja ut vindkraft i vår natur. Det vil vere med å øydeleggje for livsgleda og trivselen til mange folk i vår region om slike vindturbinar kjem til Nordhordland, det splittar og bygder som er harmoniske i dag.

Som ordførar i Alver går eg kraftig imot vindkraftplanane til Norsk Vind Energi AS, BKK, Zephyr og Eolus Vind i Nordhordland.

Deira planlagde utbyggingar vil øydeleggje mykje av den flotte Vestlandsnaturen vår. Masfjordfjella, Fjonfjella og Stølsheimen har ein fjellnatur som me må ta vare på til seinare generasjonar. Som ordførar meiner eg at vindkraft må byggjast til havs i områder der dei ikkje kjem i konflikt med fiskeri, biologisk mangfald og fuglelivet.

Kampen mot vindkraftindustri i fjellområda våre skal me vinna saman, både by og land, og om naudsynt hand i hand!

Lindås, Meland og Radøy har vedtak som seier tydeleg nei til vindkraft på land i fjellområda våre, og som ordførar har eg tatt initiativ til at kommunestyret i Alver på torsdag kan gje ei uttale om vindkraft. Eg vil òg som ordførar ta initiativ til at Alver kommune vil gje klar uttale til stortingsmeldinga som har som forslag å endra reglar for konsesjonshandsaming av vindkraftsaker.

Som ordførar meiner eg at norske kommunar må ha større medverknadskraft i vindkraftsaker. Eg meiner at slike utbyggingar framover må handsamast etter plan- og bygningslova.

Skal vi få til den grøne omstillinga er fornybar energi viktig, men vi må sjå på tiltak som utnytting og opprusting av eksisterande vasskraftverk, hydrogen og havvind.

Vindkraft i Nordhordlandsfjella er ikkje løysinga!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken