Når lokale selskap sikrar så viktige avtalar blir folk glade og stolte

Daniel Olai Kvernøy er driftsleiar i Gulenskyss AS.

Daniel Olai Kvernøy er driftsleiar i Gulenskyss AS. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LeiarTidlegare denne veka serverte vi ei skikkeleg gladnyheit. Selskapet GulenSkyss har vunne kontrakt om å drifte ambulansebåten i Sunnhordlands- bassenget. Dette er stort.

Kontrakten er verdt heile 110 millionar kroner. Den er på seks år fast med opsjon på 2+2 nye år. I beste fall kan det altså bli snakk om ein tiårsavtale. Kontrakten fører til at selskapet skal bygge ny ambulansebåt. Tre verft kjempar om oppdraget. Dei skal også opprette seks nye stillingar i eige selskap. Dette gir ringverknader.

Reaksjonane blant folk er udelt positive – ikkje uventa. På vår Facebook-side hadde saka i går nærmare 150 likes, noko som er ein indikator på at dette går rett heim hos lesarane våre.

At slike nyheiter vekker begeistring er ikkje tilfeldig. Når lokale selskap sikrar så viktige avtalar, som også gir nye oppdrag og skaper arbeidsplassar, blir folk glade og stolte. Spesielt etter dei åra vi har lagt bak oss der Vestlandet har vore hardt ramma av nedgangen i oljebransjen med sviktande omsetning, oppseiingar og permitteringar og låg ordretilgang.

Ein slik periode viser kanskje betre for folk verdien av det lokale næringslivet. Næringslivet er ikkje berre champagne, kanapear og utbyttefest – slik ein ofte kan få inntrykk av når ein les sakene i riksmedia om dei rikaste i dette landet. Normalen i privat næringsliv rundt det ganske land er små og mellomstore bedrifter der marginane er små og konkurransen knallhard. Ofte handlar det om å overleve frå år til år.

GulenSkyss har lokal tilhøyrsle i Eivindvik. Kontrakten dei no har sikra seg gjer at dei skal tilsetta fleire. Selskapet ønsker å vekse og bygge stein på stein. Det høyrest ut som ein fornuftig strategi og i tråd med verdiar mange i Nordhordland og generelt på Vestlandet vil kjenne seg att i.

Vi synest det er positivt at vi har eit slikt selskap som ekspanderer ut av vår eigen region – og det sjøvegen. Fleire bedrifter i regionen bør ha som mål å gjere butikk utanfor våre eigne grenser. Tradisjonelle grenser er for lengst nedbrote i næringslivet og då må også bedrifter i Nordhordland tenke større. Gulen kan også vise til Norva 24, tidlegare Johny Birkeland Transport, som har gjort det same. Dess fleire som følger i deira fotspor, dess sterkare blir bedriftene og dess fleire stillingar kan dei opprette. På denne måten blir regionen også meir attraktiv å bu og jobbe i.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags